On man, 2004-10-04 at 15:10 +0200, Håvard Korsvoll wrote:
kan du forklare fordelane med "nettarkiv" framfor "spegel"?
For det første, uttrykket arkiv er ikkje avgrensa til ein lagringsplass for gamle bøker eller dokument. Programvare og kjeldekode kan også lagrast i eit arkiv. Det er heller ikkje krav til at det skal vere gamalt det som er lagra i eit arkiv, men det skal vera organisert slik at det er lett å finn fram, både til siste gyldige versjon og eldre versjonar. Eg vil påstå at Debianarkivet lett oppfyller definisjonen til eit arkiv. Skilnaden her er eigentleg berre spesifisering. Viss ein brukar utrykket arkivspegel, er det meir spesifikt for kva det faktisk er. På engelsk har ein valt å avkorte uttrykket til berre spegel. For min del synes eg spegel vert for unøyaktig igjen viss det ikkje ut frå samanhengen kjem klårt fram at det er ein spegel av eit arkiv.
det er eg einig i, men "nettarkiv" seier heller ikkje at dette er ein spegel.
For det andre, så seier ikkje uttrykket (arkiv)spegel om dette er på ein CD, diskett eller på internett.
det gjer ikkje "mirror" heller. det fulle uttrykkjet er "mirror FTP site".
For brukaren er det viktigare å få informasjon om at dette arkivet er eit arkiv som er på nettet enn at dette arkivet er ein kopi av eit anna arkiv på nettet.
dette stiller eg meg tvilande til, men eg har ikkje sett den nøyaktige dialogen. viss det framgår av samanhengen for engelskmenn, bør det også vere mogleg å få det til å framgå av samanhengen for nordmenn.
Men det er litt langt og tungt, så om vi avkortar det til nettarkiv er det eit enkelt uttrykk som er forståeleg nok for brukaren.
korleis skal brukaren forstå at desse arkiva er ekvivalente? eg gjentek mitt framlegg, "nærkopi (av Debian-arkivet)", og "nærkopi (av CPAN)".