Eg har samla ein del info for omsetjarar på URL:http://i18n.skulelinux.no/omsetjar.html. Eg set pris på kommentarar og innspel, særleg til dei generelle omsetjingstipsa:
------- Sjølv om den engelske teksten er inkonsekvent og dårleg, treng ikkje omsetjinga vera det. Her er eit par reglar me prøver å følgja i dei norske omsetjingane:
- Me brukar helst «slike» hermeteikn (AltGr-z og AltGr-x i vanleg norsk tastaturoppsett). - Engelsk brukar svært ofte «please», på norsk treng me oftast ikkje bruka det ordet i det heile. (Me er ikkje mindre høflege, men uttrykkjer det gjerne på andre måtar ;-) - Ropeteikn i feilmeldingar er uhøfleg, og bør ikkje brukast! - Ropeteikn, spørjeteikn, kolon og liknande skal aldri ha mellomrom føre seg. (Ofte eit teikn på at den engelske teksten er skriven av ein franskmann.) - Me Brukar Ikkje Store Førebokstavar i menyar. - Ver ikkje redd for å bruka eit mindre teknisk språk enn originalen. - Viss du er i tvil om ei omsetjing, marker ho som uklar («fuzzy»), og skriv gjerne ein kommentar slik at du hugsar å retta det seinare. -------
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes