Eg har samla ein del info for omsetjarar på URL:http://i18n.skulelinux.no/omsetjar.html. Eg set pris på kommentarar og innspel, særleg til dei generelle omsetjingstipsa:
------- Sjølv om den engelske teksten er inkonsekvent og dårleg, treng ikkje omsetjinga vera det. Her er eit par reglar me prøver å følgja i dei norske omsetjingane:
- Me brukar helst «slike» hermeteikn (AltGr-z og AltGr-x i vanleg norsk tastaturoppsett). - Engelsk brukar svært ofte «please», på norsk treng me oftast ikkje bruka det ordet i det heile. (Me er ikkje mindre høflege, men uttrykkjer det gjerne på andre måtar ;-) - Ropeteikn i feilmeldingar er uhøfleg, og bør ikkje brukast! - Ropeteikn, spørjeteikn, kolon og liknande skal aldri ha mellomrom føre seg. (Ofte eit teikn på at den engelske teksten er skriven av ein franskmann.) - Me Brukar Ikkje Store Førebokstavar i menyar. - Ver ikkje redd for å bruka eit mindre teknisk språk enn originalen. - Viss du er i tvil om ei omsetjing, marker ho som uklar («fuzzy»), og skriv gjerne ein kommentar slik at du hugsar å retta det seinare. -------
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
2001-11-22 21:25:49, Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com:
- Ropeteikn, spørjeteikn, kolon og liknande skal aldri ha
mellomrom føre seg.
Men ellipsar skal alltid ha mellomrom føre seg.
- Me Brukar Ikkje Store Førebokstavar i menyar.
Av og til er funksjonsnamn utforma som særnamn. Det klarar me oss utan på norsk.
Fredag 23. november 2001 10:39 skreiv Karl Ove Hufthammer:
2001-11-22 21:25:49, Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com:
- Me Brukar Ikkje Store Førebokstavar i menyar.
Av og til er funksjonsnamn utforma som særnamn. Det klarar me oss utan på norsk.
Har du eit døme? Eg skjønte ikkje heilt kva du meinte.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
2001-11-23 18:50:35, Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com:
Av og til er funksjonsnamn utforma som særnamn. Det klarar me oss utan på norsk.
Har du eit døme?
Eigentlig ikkje. Eg har sett det i ein del program, men eg kjem ikkje på noko eksempel akkurat no. Men eg kan gje eit tenkt eksempel: Ein stavekontrollfunksjon som utviklarane har gitt namnet/menyvalet 'SpellFix™'.
Sundag 25. november 2001 20:23 skreiv Karl Ove Hufthammer:
2001-11-23 18:50:35, Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com:
Av og til er funksjonsnamn utforma som særnamn. Det klarar me oss utan på norsk.
Har du eit døme?
Eigentlig ikkje. Eg har sett det i ein del program, men eg kjem ikkje på noko eksempel akkurat no. Men eg kan gje eit tenkt eksempel: Ein stavekontrollfunksjon som utviklarane har gitt namnet/menyvalet 'SpellFix?'.
Huff, slikt bør jo kastast ut frå originalen òg. Me ser litt av det same i KDE, der utviklarane ikkje heilt skjønar kvifor omsetjarane vil setja om 'KControl' og 'KHelpCenter'. Desse er for så vidt programnamn, men først og framst namn på viktige funksjonar i KDE.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
2001-11-26 22:36:45, Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com:
Me ser litt av det same i KDE, der utviklarane ikkje heilt skjønar kvifor omsetjarane vil setja om 'KControl' og 'KHelpCenter'. Desse er for så vidt programnamn, men først og framst namn på viktige funksjonar i KDE.
Ja. Og derfor burde dei IMHO ikkje vore 'programnamn'.