Den 14.03.2021 16:56, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Sigmund Hansen skreiv 14.03.2021 16:21:
Sperring kommer i nærheten av escapement, men er mye mer dynamisk enn escapement i skrivemaskinsammenheng. Spørsmålet blir jo om escapement her gir en identisk avstand mellom hver glyf. Tracking/sperring er det som vanligvis brukes om å justere avstand mellom bokstaver i "desktop publishing"- programvare.
Eg har no fasiten. Eg har prøvd den nye Style Inspector i LibreOffice, og slik er det:
Kvar fann du dette? Eg finn ikkje "escapment" nokon stad. Helsing Kolbjørn
Escapement tyder i denne samanhengen verken kniping, sperring, kerning, utlikning eller liknande *vassrett* justering. Det er rett og slett snakk om heva/senka skrift. Når ein gjer tekst om til heva/senka (superscript/subscript), vert «Char Auto Escapement» sett til «true», og «Char Escapement» og «Char Escapement Height» får talverdiar (høvesvis ±14000 og 58, uavhengig av skriftstorleiken, ser det ut til).
Det ser altså ut til at «Char Escapement» viser til loddrett justering (positiv for heva tekst og negative for senka tekst). «Char Escapement Height» viser til skriftstorleiken til den heva/senka teksten («Char Height» er skriftstorleiken) målt i prosent.
Boka eg viste til, har oppføringa «Halvsteg ned, senka tekst» som omsetjing av «subscript» (og tilsvarande for «superscript»).
At «Char Auto Escapement» er «true», tyder at steglengda til halvsteget er automatisk. Ein kan (under «Format → Teikn → Plassering → Hev/senk med») velja steglengd manuelt. Ein kan òg velja relativ skriftstorleik for den heva/senka teksten.
Så «escapement» kan generelt omsettast til «heva/senka» eller «halvsteg opp/ned». Første alternativ er kanskje mest naturleg, sidan det er omgrepet brukt i resten av LibreOffice.