On søn, 2004-09-05 at 17:36 +0000, Åsmund Skjæveland wrote:
Evolution snakkar om "spool file" i e-post-samanheng. Ordlista nemner berre "spool" som "printer spool", «skrivarkø». Kva skal eg omsetja "spool" med? «Innboks»?
spool file -> snellefil?
Det engelske ordet spool betyr det samme som spole på norsk. Ord som rull og trådsnelle er også i bruk.
Tja. Eg synest ikkje me skal blindt oversetja engelske metaforar. Det er antakeleg betre med eit ord som faktisk forklarer kva det er snakk om.
definitivt. "spool" er eit akronym (om enn kanskje bakoverdanna), det står for "Simultaneous Peripheral Operation On-Line". dette trur eg ikkje gir så mykje meining for den jamne engelsktalande heller.
det fyrste ordet eg kjem på er "oppsamlingsområde" eller liknande orddanningar. tanken er at det er eit område det ein samlar jobbane eller filene medan dei er i kø for prosessering.
for "mail spool" trur eg "innboks" ofte er godt nok. t.d. Pine kallar /var/mail/$USER for INBOX i brukargrensesnittet sitt. no vert det litt komplisert av at Evolution flyttar e-post frå denne innboksen til ein ny innboks som ligg lagra på heimeområdet til brukaren, så ein bør sannsynlegvis finne eit anna ord. kanskje det er betre med "innkomande e-postfil".