Squid Translator ------------------- Vidar
From: Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com
Det finst nokre ord ein skriva på forskjellige former. Det er ein fordel om alle omsetjarane er einige om kva form me skal bruka:
t- eller d-endingar? Eks. øydelagt eller øydelagd, ukjent eller ukjend
d-ending
bilete eller bilde?
bilete, bilde er litt "meir bokmål".Eg veit dei er jamnstilte, men eg brukar bilete, og ser på bilde som eit bokmålsord.
ljos eller lys?
Ljos verkar litt "gammalt". Då kan vi få problem med folk som meiner det er for lite hippt, og gammaldags og tungt språk.
verktøy eller verkty?
Verkty av same begrunning som med bilete/bilde.(Sett inn verkty istaden for bilete, vetrktøy istaden for bilde):-)
line eller linje?
I min dialelt passar line best inn, men folk *kan* mistolke det, eller ikkje forstå.
Elles synest eg lista på <URL: http://www.nynorsk.org/anp/ymse.html > er grei. Tar ho med her:
A-infinitiv (opna, senda, vera) Berre, noko, mykje (ikkje bare, noe, mye) a- ending i sterkt og svakt hokjønn eintal (humla, tida) -er og -ene i hokjønn fleirtal (humlene, tidene, bygdene) -a i inkjekjønn fleirtal (vindauga, husa) «Me» som personleg pronomen, 1. pers. fleirtal subj. Unngå an-be-heit-else- ordi. Skriv verbalt.
Elles har eg ein kommentar til uttrykket 'Could not'. Eg ser at dette dei fleste plassar (iallfall i KDE og Mozilla) er omsett til 'Kunne ikkje' (eller 'Kan ikkje'), f.eks. 'Could not conect to server' --> 'Kunne ikkje kopla til tenar'. Er det ikkje betre å bruka 'Klarte ikkje', eks. 'Klarte ikkje å kopla til tenar'? Eg synest det høyrest meir naturlig ut.
I dette tilfellet, ja. Men andre plassar passar "Kan ikkje" betre inn.Ein må sjå litt på samanhengen, fordi betyfninga verd forskjellig etter som samanhengen skiftar
-- Karl Ove Hufthammer