Squid Translator ------------------- Vidar
From: Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com
Det finst nokre ord ein skriva på forskjellige former. Det er ein fordel om alle omsetjarane er einige om kva form me skal bruka:
t- eller d-endingar? Eks. øydelagt eller øydelagd, ukjent eller ukjend
d-ending
bilete eller bilde?
bilete, bilde er litt "meir bokmål".Eg veit dei er jamnstilte, men eg brukar bilete, og ser på bilde som eit bokmålsord.
ljos eller lys?
Ljos verkar litt "gammalt". Då kan vi få problem med folk som meiner det er for lite hippt, og gammaldags og tungt språk.
verktøy eller verkty?
Verkty av same begrunning som med bilete/bilde.(Sett inn verkty istaden for bilete, vetrktøy istaden for bilde):-)
line eller linje?
I min dialelt passar line best inn, men folk *kan* mistolke det, eller ikkje forstå.
Elles synest eg lista på <URL: http://www.nynorsk.org/anp/ymse.html > er grei. Tar ho med her:
A-infinitiv (opna, senda, vera) Berre, noko, mykje (ikkje bare, noe, mye) a- ending i sterkt og svakt hokjønn eintal (humla, tida) -er og -ene i hokjønn fleirtal (humlene, tidene, bygdene) -a i inkjekjønn fleirtal (vindauga, husa) «Me» som personleg pronomen, 1. pers. fleirtal subj. Unngå an-be-heit-else- ordi. Skriv verbalt.
Elles har eg ein kommentar til uttrykket 'Could not'. Eg ser at dette dei fleste plassar (iallfall i KDE og Mozilla) er omsett til 'Kunne ikkje' (eller 'Kan ikkje'), f.eks. 'Could not conect to server' --> 'Kunne ikkje kopla til tenar'. Er det ikkje betre å bruka 'Klarte ikkje', eks. 'Klarte ikkje å kopla til tenar'? Eg synest det høyrest meir naturlig ut.
I dette tilfellet, ja. Men andre plassar passar "Kan ikkje" betre inn.Ein må sjå litt på samanhengen, fordi betyfninga verd forskjellig etter som samanhengen skiftar
-- Karl Ove Hufthammer
2001-11-06 14:55:23, Vidar Løkken vidarlo@vestdata.no:
ljos eller lys?
Ljos verkar litt "gammalt". Då kan vi få problem med folk som meiner det er for lite hippt, og gammaldags og tungt språk.
verktøy eller verkty?
Verkty av same begrunning som med bilete/bilde.
Eg vil heller av 'verktøy', av same grunngjeving som di mot 'ljos'.
line eller linje?
I min dialelt passar line best inn, men folk *kan* mistolke det, eller ikkje forstå.
Når eg ser 'line', tenker eg på f.eks. 'å gå på stram line' (altså bokmålstydinga). Elles kan det jo òg bli oppfatta som ikkje omsett (engelsk 'line'). :/
Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com writes:
Eg vil heller av 'verktøy', av same grunngjeving som di mot 'ljos'.
Einig. Er det forresten nokon som oppdaterer ei liste over desse enkeltorda og andre reglar vi har kome fram til? Viss ikkje, kan eg prøve å samanfatte diskusjonen.
Når eg ser 'line', tenker eg på f.eks. 'å gå på stram line' (altså bokmålstydinga). Elles kan det jo òg bli oppfatta som ikkje omsett (engelsk 'line'). :/
Eg brukar "linje" i mi dialekt (ho (sic!) har også fleire hokjønnsord enn normen ;-). Jf. også "linefiske".
Kjetil T.
2001-11-08 14:08:04, Kjetil Torgrim Homme kjetilho@linpro.no:
Er det forresten nokon som oppdaterer ei liste over desse enkeltorda og andre reglar vi har kome fram til? Viss ikkje, kan eg prøve å samanfatte diskusjonen.
Det beste vil vera å ha ein slags omsetjingsmanual med informasjon om ord, ordformer, setningsstruktur og generelle retningslin(j)er.
Om du kan samanfatte diskusjonen, er det bra. Sleng det inn i CVS.
Squid Translator ------------------- Vidar
On Thu, 8 Nov 2001, Karl Ove Hufthammer wrote:
2001-11-08 14:08:04, Kjetil Torgrim Homme kjetilho@linpro.no:
Er det forresten nokon som oppdaterer ei liste over desse enkeltorda og andre reglar vi har kome fram til? Viss ikkje, kan eg prøve å samanfatte diskusjonen.
Det beste vil vera å ha ein slags omsetjingsmanual med informasjon om ord, ordformer, setningsstruktur og generelle retningslin(j)er.
Denne epostlista er på lag ein manual. Saml opp alt så har du ei bra liste:-)
Om du kan samanfatte diskusjonen, er det bra. Sleng det inn i CVS.
-- Karl Ove Hufthammer
E-postlista i18n-nn i18n-nn@lister.ping.uio.no http://lister.ping.uio.no/ping/mailman/listinfo/i18n-nn
Torsdag 8. november 2001 14:08 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com writes:
Eg vil heller av 'verktøy', av same grunngjeving som di mot 'ljos'.
Einig. Er det forresten nokon som oppdaterer ei liste over desse enkeltorda og andre reglar vi har kome fram til? Viss ikkje, kan eg prøve å samanfatte diskusjonen.
Ja, ver så god. Eg har alt ei mental hugseliste over ting eg skal retta opp, men fint om du kan halda ved like ei liste.
Når http://i18n.skulelinux.no/ er operativ (ventar berre på at dei med root-tilgang skal setja opp Apache), kan lista gjerne leggjast ut der.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com writes:
Torsdag 8. november 2001 14:08 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Einig. Er det forresten nokon som oppdaterer ei liste over desse enkeltorda og andre reglar vi har kome fram til? Viss ikkje, kan eg prøve å samanfatte diskusjonen.
Ja, ver så god. Eg har alt ei mental hugseliste over ting eg skal retta opp, men fint om du kan halda ved like ei liste.
Det var visst ikkje så mykje som eg trudde.
http://www.ifi.uio.no/~kjetilho/konsistens.html
Send meg rettingar om eg har misforstått diskusjonen :)
(forresten var det veldig vanskeleg å skriva a-infinitiv for første gong -- det er vel ei vanesak)
Når http://i18n.skulelinux.no/ er operativ (ventar berre på at dei med root-tilgang skal setja opp Apache), kan lista gjerne leggjast ut der.
Høyrest ut som ein fin ting.
Kjetil T.