Takk til Karl Ove for god gjennomgang av nynorskrettskrivinga. Eg har få reint språklege kommentarar, men nokre andre innspel eg vonar ikkje fell for langt utom emnet i eposten.
Fyrst språkleg: Eg er samd i dei aller fleste vurderingane til Karl Ove, og stiller meg bak alle framlegga så nær som eitt. Eg stiller spørsmål ved dette:
Enkel/dobbel konsonant: Når me kan velja, vel me dobbel konsonant. Valfri j: Me brukar konsekvent j (eks. «rekkje», «å setja»).
Etter mitt syn er dette lite konsekvent. Kvifor skal me ha dobbel konsonant i ord som komma (altså verbet), kjøkken, kjøtt, skjønna, venn osfr., samstundes som me skriv rekkje, setja, liggja, slyngja, ringja, tenkja? Eg tenkjer her på at dobbel konsonant vanlegvis blir rekna som meir liberalt/bokmålsnært, medan valfri j er å rekne som meir konservativt/tradisjonelt. Eg er i utgangspunktet for ein endå strammare nynorsk enn den nye rettskrivinga opnar for, så eg ville brukt enkel konsonant (koma, kjøken, kjøt, skjøna, ven) og valfri j (rekkje, liggja osfr.). Eg synest det gjev betre samanheng og konsekvens, og at omsetjingane får ein meir tydeleg nynorsk dåm eller tone (i mangel av betre formuleringar). Enkel konsonant går òg betre saman med td. framlegget om full samsvarsbøying.
Fleire av dei andre framlegga frå Karl Ove, slik som han- og hokjønnsbøying, går òg på meir indre konsekvens. Dermed synest eg dobbel konsonant stikk seg ut.
Alle språklege retningslinjer inneber kompromiss. Eg for min del har mest lyst til å bøye "å eige" på tradisjonell måte, men ser at den nye bøyinga gjev meir konsekvens, og er dermed samd i framlegget til Karl Ove. Eg vonar sameleis de andre kan sjå konsekvensen med å bruke enkel konsonant.
Så eit lite innspel elles:
Eg kan oppdatera dei språklige retningslinjene og språkvaskskriptet når me har fått diskutert dette.
Eg finn lite informasjon om bruk av språkvaskskriptet, eller generelt tekniske hjelpemiddel for dei som skal omsetja. Går det an å be røynde omsetjarar skrive litt på td. i18n.skulelinux.no om korleis me reint teknisk går fram for å omsetja fort, godt og rett? Eg har td. aldri brukt pology, mellom anna fordi eg aldri har vore med på KDE-omsetjingane. Det er liten tvil om at me treng fleire gode omsetjarar, og me veit at det finst kunnige språkfolk som burde greie å vera med. Det tyder at me treng fleire og betre hjelpedokument for dei som kunne tenkje seg å prøve. Omsetjarhandboka til Gaute er frå 2002, og i18n.skulelinux.no er jamt over litt forelda.
Viss eg i dette har vist at eg er heilt utanfor, og at det finst rikeleg med oppdatert og norskspråkleg dokumentasjon eg ikkje har funne, ville eg vera takksam for opplysingar. Viss det derimot faktisk ikkje finst slik dokumentasjon, har me ein jobb framfor oss.
Beste helsing
Eivind Ødegård