For nokre dagar sidan kom det ein ny nynorsknormal:
http://www.sprakradet.no/nb-NO/Toppmeny/Aktuelt/nynorsknorm/
Dette medfører at me bør oppdatera dei språklige retningslinjene våre:
http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html
Om endringa i normalen: Skiljet mellom læreboknormalen og den fulle nynorsknormalen er oppheva. Dette medfører at det ikkje er noko som heiter klammeformer lenger, og at me i prinsippet har mange fleire former å velja mellom (nokre former har òg gått ut, men det ser ut til å ikkje vera former me har brukt). Likevel bør vera konsekvente både i og på tvers av program, så me bør bli einige om kva former me skal bruka.
Eg har tatt ein kjapt kikk på brosjyra om den nye rettskrivinga http://www.sprakradet.no/upload/Brosjyrer/Ny%20nynorskrettskriving.pdf og her er mine kommentarar:
Eg anbefaler at me *i regelen* brukar dei gamle læreboknormalformene når me har valet mellom to/fleire former. Me kan godt ha unntak, men dei bør dokumenterast i dei språklige retningslinjene, og det bør leggjast til reglar som fangar dei opp i språkvaskskriptet vårt. Elles:
Enkel/dobbel konsonant: Når me kan velja, vel me dobbel konsonant.
Valfri j: Me brukar konsekvent j (eks. «rekkje», «å setja»).
Fleirtalsformer hankjønn og hokjønn: Endelig har det blitt lov å vera konsekvent her. Eg foreslår at me har regelen -ar for hankjønnsord og -er for hokjønnsord. Denne regelen er veldig lett å hugsa, og ein slepp å pugga unntak (norrøne former). Før måtte me altså bøya «ein vegg» som «vegger» og «veggene» og «ei elv» som «elvar» og «elvane». No vert det «veggar» og «elver». (Strengt tatt kunne ein skriva «elver» før òg, men det var då eit hankjønnsord (!) som betydde «alv» (det overnaturlige vesenet), ikkje ein vasstraum.)
-nad-ord: Før hadde -nad-ord -er-endingar, eks. «søknader». Eg foreslår at me er konsekvent her òg, og brukar -ar-ending. Éin mindre unntaksregel å tenka på!
-skap-ord: Desse får no valfritt kjønn (han- eller inkje-). Eksempel er «medlemskap» og «meisterskap». Før hadde dei berre hankjønn («medlemskapen» og «meisterskapen»). Er usikker på kva me skal gjera her. Sjølv vil eg føretrekkja inkjekjønnsforma. Dette er òg i samsvar med forma me har brukt på «fellesskap». («fellesskap» kunne vera både hankjønn og inkjekjønn, men me valde inkjekjønnsforma.)
-de/-te i verb. Ved valfridom valde me -de-ending (eks. «overstyrde» ikkje «overstyrte»), men med nokre opplista unntak («fått», «slått», «gått» …). No viser det seg at at me «valde rett», for formene «fådd», «slådd», «gådd» og nokre til er faktisk tatt ut av normalen! :)
Ordet «eige». Før vart dette bøygd «eige – eig – ått – åtte». No er det lova å skriva «eigde» og «eigd». Eg foreslår at me gjer det.
Samsvarsbøying: Ein *kan* no bruka forenkla samsvarsbøying. Før: «han/ho er gløymd – det er gløymt – dei er gløymde». No: «han/ho/det/dei er gløymt». Eg foreslår at me held på full samsvarsbøying.
Men det er klart at forenkla samsvarsbøying er *svært* mykje enklare. Det gjer det òg lettare med upresise originaltekstar. Eksempel: Viss ein finn teksten «Read» på engelsk, må ein veta om det er eit verb eller eit adjektiv. Viss det er eit adjektiv, må ein veta kva objekt det står til. Viss det er ein e-post, vert det «Lesen», er det eit dokument, vert det «Lese», er det *fleire* e-postar eller dokument, vert det «Lesne». Med forenkla samsvarsbøying vil det bli «Lese» i alle tilfella.
For oversikt over full samsvarsbøying: http://web.archive.org/web/20021220062543/http://www.sprakrad.no/stat974.htm...
Men merk at forenkla samsvarsbøying berre vil kunna brukast for *svake* verb; for sterke verb (eller, meir presist, sterke perfektum partisipp) må me framleis ha full samsvarsbøying. Dette gjer at ei eventuell forenkling ikkje vert like forenklande. :/
Blanda bøying: Dette står ikkje i brosyjra, men i detaljdokumentet: https://www.sprakradet.no/nb-NO/Toppmeny/Aktuelt/nynorsknorm/Innstilling/ Me får no (endelig!) lov å bruka «blanda bøying». Dette medfører at me kan skriva «brukar» (presens) men «brukte» (preteritum/adjektiv) og «brukt» (perfektum/adjektiv). Til har me brukt «brukt(e)» i KDE-omsettingane men med eit skript som automatisk rettar det til «bruka» før det vert sendt inn til KDE, i påvente av denne endringa. I tillegg har me valt -er-forma av verbet «å klara» («klarer» – «klarte» – «har klart»), sjølv om me i regelen brukar -ar-former, sidan uttrykk som «Klara ikkje [utføra handling]» lett ville blitt så rare elles. No som me kan bruka blanda bøying foreslår eg at me går over til å konsekvent -ar-forma, men med blanda bøying for verba «bruka», «klara» og «spela» (andre?).
Kommentarar/synspunkt på noko av det? (Kommentarar både frå aktive omsettarar og andre er velkomne.)
Eg kan oppdatera dei språklige retningslinjene og språkvaskskriptet når me har fått diskutert dette.
Takk til Karl Ove for god gjennomgang av nynorskrettskrivinga. Eg har få reint språklege kommentarar, men nokre andre innspel eg vonar ikkje fell for langt utom emnet i eposten.
Fyrst språkleg: Eg er samd i dei aller fleste vurderingane til Karl Ove, og stiller meg bak alle framlegga så nær som eitt. Eg stiller spørsmål ved dette:
Enkel/dobbel konsonant: Når me kan velja, vel me dobbel konsonant. Valfri j: Me brukar konsekvent j (eks. «rekkje», «å setja»).
Etter mitt syn er dette lite konsekvent. Kvifor skal me ha dobbel konsonant i ord som komma (altså verbet), kjøkken, kjøtt, skjønna, venn osfr., samstundes som me skriv rekkje, setja, liggja, slyngja, ringja, tenkja? Eg tenkjer her på at dobbel konsonant vanlegvis blir rekna som meir liberalt/bokmålsnært, medan valfri j er å rekne som meir konservativt/tradisjonelt. Eg er i utgangspunktet for ein endå strammare nynorsk enn den nye rettskrivinga opnar for, så eg ville brukt enkel konsonant (koma, kjøken, kjøt, skjøna, ven) og valfri j (rekkje, liggja osfr.). Eg synest det gjev betre samanheng og konsekvens, og at omsetjingane får ein meir tydeleg nynorsk dåm eller tone (i mangel av betre formuleringar). Enkel konsonant går òg betre saman med td. framlegget om full samsvarsbøying.
Fleire av dei andre framlegga frå Karl Ove, slik som han- og hokjønnsbøying, går òg på meir indre konsekvens. Dermed synest eg dobbel konsonant stikk seg ut.
Alle språklege retningslinjer inneber kompromiss. Eg for min del har mest lyst til å bøye "å eige" på tradisjonell måte, men ser at den nye bøyinga gjev meir konsekvens, og er dermed samd i framlegget til Karl Ove. Eg vonar sameleis de andre kan sjå konsekvensen med å bruke enkel konsonant.
Så eit lite innspel elles:
Eg kan oppdatera dei språklige retningslinjene og språkvaskskriptet når me har fått diskutert dette.
Eg finn lite informasjon om bruk av språkvaskskriptet, eller generelt tekniske hjelpemiddel for dei som skal omsetja. Går det an å be røynde omsetjarar skrive litt på td. i18n.skulelinux.no om korleis me reint teknisk går fram for å omsetja fort, godt og rett? Eg har td. aldri brukt pology, mellom anna fordi eg aldri har vore med på KDE-omsetjingane. Det er liten tvil om at me treng fleire gode omsetjarar, og me veit at det finst kunnige språkfolk som burde greie å vera med. Det tyder at me treng fleire og betre hjelpedokument for dei som kunne tenkje seg å prøve. Omsetjarhandboka til Gaute er frå 2002, og i18n.skulelinux.no er jamt over litt forelda.
Viss eg i dette har vist at eg er heilt utanfor, og at det finst rikeleg med oppdatert og norskspråkleg dokumentasjon eg ikkje har funne, ville eg vera takksam for opplysingar. Viss det derimot faktisk ikkje finst slik dokumentasjon, har me ein jobb framfor oss.
Beste helsing
Eivind Ødegård
su. den 05. 08. 2012 klokka 14.54 (+0100) skreiv Eivind:
Fyrst språkleg: Eg er samd i dei aller fleste vurderingane til Karl Ove, og stiller meg bak alle framlegga så nær som eitt. Eg stiller spørsmål ved dette:
Enkel/dobbel konsonant: Når me kan velja, vel me dobbel konsonant.
Valfri j: Me brukar konsekvent j (eks. «rekkje», «å setja»).
Etter mitt syn er dette lite konsekvent. Kvifor skal me ha dobbel konsonant i ord som komma (altså verbet), kjøkken, kjøtt, skjønna, venn osfr., samstundes som me skriv rekkje, setja, liggja, slyngja, ringja, tenkja? Eg tenkjer her på at dobbel konsonant vanlegvis blir rekna som meir liberalt/bokmålsnært, medan valfri j er å rekne som meir konservativt/tradisjonelt.
Tja, det kan vera. Opphavlig var det delvis fordi det vart noko lettare å vera konsekvent. I læreboknormalen måtte me nemlig skriva «å tømma» («å tøma» var sideform), og då passa det fint med for eksempel «å komma». Uansett er det svært få verb dette i praksis gjeld i våre omsettingar; eg kan berre komma på «komma» (og «velkommen»/«velkomen»).
I den nye normalen er «tøma» gått ut. Det same gjeld «røma» og «utdana» og ein del andre andre ord.
Personlig føretrekkjer eg dobbel konsonant i verba og enkelt konsonant i mange av substantiva (kjøken, kjøt og resurs – men helst hammar og dommar).
Obligatorisk bruka av j er delvis på grunn av at det var det einaste som var lovlig før (setje, byggje), og det er greitt å ikkje måtta endra i alle omsettingane … (Personlig brukar eg ikkje j når eg skriv andre tekstar.)
Når det gjeld konservativ/liberal stil, synest eg omsettingane våre held seg godt på den gyldne middelveg. Me unngår både dei meste gammalmodige orda og formene og dei mest radikale og bokmålsnære.
Alle språklege retningslinjer inneber kompromiss. Eg for min del har mest lyst til å bøye "å eige" på tradisjonell måte, men ser at den nye bøyinga gjev meir konsekvens, og er dermed samd i framlegget til Karl Ove.
Den gamle bøyinga av «å eige» fører gjerne til forvirrande omsettingar. Me har fleire tilfelle der spesielt adjektivformer som står åleine fører til rare omsettingar. Dette er problem som berre gjeld tekst i dataprogram, då orda elles alltid står saman med andre ord i ei *setning*, som gjer tydinga klar. Spesielt for ordet «å eiga»: Ein kan for eksempel risikera å møta på ein tekst (merkelapp/overskrift) som seier
Åtte filer
Då vil det vera *svært* naturlig å feiltolka «åtte» som talordet (8).
Personlig synest eg òg «åtte» her hørest svært gammalmodig ut.
Eg kan oppdatera dei språklige retningslinjene og språkvaskskriptet når me har fått diskutert dette.
Eg finn lite informasjon om bruk av språkvaskskriptet, eller generelt tekniske hjelpemiddel for dei som skal omsetja. Går det an å be røynde omsetjarar skrive litt på td. i18n.skulelinux.no om korleis me reint teknisk går fram for å omsetja fort, godt og rett?
Dette er utelukkande på grunn av resursmangel. Eg er heilt einig i at me treng dette, men me har dessverre ingen til å skriva det. Derfor viser me førebels heller folk til i18n-n*-listene, der dei får all hjelp dei treng for å komma i gang.
Planen for språkvaskskriptet var for øvrig å utvikla dette vidare samtidig som me korrekturleste (og omsette) heile KDE, for seinare å dokumentera bruken i dei språklige retningslinjene. Dessverre ser det ut til at den eine andre aktive omsettaren me hadde av KDE til nynorsk har falle frå, så me har ikkje fått gjort dette.
Som omsettar får ein sjeldan bruk for noko i Pology utanom språkvaskskriptet, men det finst iallfall ein usedvanlig grundig og god manual på http://pology.nedohodnik.net/doc/user/en_US/
For å kjøra språkvaskskriptet, treng ein berre kjøra posieve som ein finn i kde4/summit/pology/bin/posieve i vårt SVN-lager. Sjølv har eg definert eit alias som er omtrent slik:
alias sjekk='posieve --skip-obsolete check-rules -slang:nn -slokalize'
Då treng berre berre skriva
sjekk fil.po
For å språkvask fila «fil.po» (du kan òg oppgje eit mappenamn for å sjekka alle filer i mappa og eventuelle undermapper). Viss eg har opna Lokalize, vert fila/filene automatisk opna der, og det vert kjørt eit filter som berre viser tekstane som skriptet meiner har feil i seg. Då er det svært kjapt å retta opp.
Viss eg i dette har vist at eg er heilt utanfor, og at det finst rikeleg med oppdatert og norskspråkleg dokumentasjon eg ikkje har funne, ville eg vera takksam for opplysingar.
Axel Bojer skreiv eit lite dokument for nokre månader sidan: https://docs.google.com/document/d/1PKdrjYrzFA4oKgZ33SwDOvWU1LRliwieGzL4YYn_...
Eg kjenner ikkje til noko anna (men Lokalize har jo òg ei brukarhandbok som forklarer korleis programmet fungerer).
su. den 05. 08. 2012 klokka 12.56 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg har tatt ein kjapt kikk på brosjyra om den nye rettskrivinga http://www.sprakradet.no/upload/Brosjyrer/Ny%20nynorskrettskriving.pdf og her er mine kommentarar:
Eitt forslag til: No er det lov å skriva «breidde», «lengde» og «høgde». Eg foreslår at me held på dei gamle formene «breidd», «lengd» og «høgd».
Eitt forslag til: No er det lov å skriva «breidde», «lengde» og «høgde». Eg foreslår at me held på dei gamle formene «breidd», «lengd» og «høgd».
Det støttar eg.
Eg har sett gjennom endringane i svn, men fekk ikkje heilt klårt for meg korleis me gjer det med dei rettskrivingsendringane me drøfta i førre epostrunda, til dømes bruk av enkel eller dobbel konsonant (koma/komma osfr.). Kan du skrive eit par ord om det, er du snill?
Helsing
Eivind Ødegård
fr. den 24. 08. 2012 klokka 14.35 (+0100) skreiv Eivind:
Eg har sett gjennom endringane i svn, men fekk ikkje heilt klårt for meg korleis me gjer det med dei rettskrivingsendringane me drøfta i førre epostrunda, til dømes bruk av enkel eller dobbel konsonant (koma/komma osfr.). Kan du skrive eit par ord om det, er du snill?
Eg har ikkje oppdaterte dei språklege retningslinjene enno. Når det gjeld enkel/dobbel konsonant, er eg usikker. Kanskje me berre skal gå for å bruka den forma omsettaren oppfattar som vanligast?
su. den 05. 08. 2012 klokka 12.56 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Fleirtalsformer hankjønn og hokjønn: Endelig har det blitt lov å vera konsekvent her. Eg foreslår at me har regelen -ar for hankjønnsord og -er for hokjønnsord. Denne regelen er veldig lett å hugsa, og ein slepp å pugga unntak (norrøne former). Før måtte me altså bøya «ein vegg» som «vegger» og «veggene» og «ei elv» som «elvar» og «elvane». No vert det «veggar» og «elver». (Strengt tatt kunne ein skriva «elver» før òg, men det var då eit hankjønnsord (!) som betydde «alv» (det overnaturlige vesenet), ikkje ein vasstraum.)
-nad-ord: Før hadde -nad-ord -er-endingar, eks. «søknader». Eg foreslår at me er konsekvent her òg, og brukar -ar-ending. Éin mindre unntaksregel å tenka på!
Eg har no lagt til reglar for dette i Pology, basert på dei nyaste fullformsordlistene. For hankjønnsord der både -er/-ene og -ar/-ane er lovleg, vert -er-/-ene-formene flagga, og motsett for hokjønnsord. Prøv det ut, og sjå om det fungerer greitt.
Innsendinga som la til funksjonen og dei to ordlistefilene finn de her: http://websvn.kde.org/?view=revision&revision=1312707
su. den 05. 08. 2012 klokka 12.56 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kommentarar/synspunkt på noko av det? (Kommentarar både frå aktive omsettarar og andre er velkomne.)
Eg kan oppdatera dei språklige retningslinjene og språkvaskskriptet når me har fått diskutert dette.
Eg har no (endeleg) oppdatert dei språklege retningslinjene med alt det relevante i 2012-rettskrivinga. Eg har også lagt til eit lite avsnitt om korleis ein brukar det automatiske språkvaskskriptet. Sjå
http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html Skal du skriva det ut, brukar heller PDF-versjonen http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.pdf
For oversikt over nøyaktig kva eg har lagt til, fjerna og endra, sjå SVN-diffen: http://svn.skolelinux.no/websvn/diff.php?repname=skolelinux&path=%2Ftrun...