må. den 23. 09. 2024 klokka 18.36 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Karl Ove Hufthammer skreiv 07.08.2024 22:08:
Eg har no gått igjennom alt i lista frå a–h, prøvd å ta omsyn til kommentarane her på lista og synsa litt sjølv. Her er mitt forslag:
Og her er mine merknadar til resten av lista. Kommenter/syns gjerne.
kommentar til dei andre på lista: det som står på fyrste linje er den opprinnelege dyslektiske linja. det er ikkje naudsynt å kommentere på feil i den linja, dei fleste her kan gjenkjenne skrivefeilane. framlegget til Karl Ove er linja med →.
interpreter – tolk, fortolker (i program) → fortolker
likar ikkje denne. "perl-fortolkaren"? nei, då vil eg heller foreslå "språktolk, om du synest "tolk" vert for kort.
matcher – samsvarer, treffer, tilsvarer står frå før i ordlista, men kan kanskje legga til «er lik»?
litt avhengig av kontekst så er "er lik" ein spesifikk samanlikningsoperator, dvs. eksakt likskap.
her er det som står i ordlista i dag:
match -s treff, samsvar match -v samsvare med, stemme overens med, passe med, finne (passende)
om vi skal ta Ole-Erik Yrvin på ordet, så er det snakk om det engelske substantivet "matcher", og då vil eg foreslå "sammenligningsmetode".
pool – samle inn, innringe, forstår ikkje heilt forslaga, men av og til kan vel «samling» fungera? ser òg «forråd» er brukt fleire gongar
her er det verbet "pool", men substantivet bør også inn.
pool -v samle pool -s samling
private - tilbakeføres ???
veldig mystisk, ja.
promt – ledetekst, kommandolinje står for før, men kan legga til: prompt → instruksjon [KI-samanheng]
synest i grunnen "ledetekst" fungerer veldig godt også i KI-samanheng.
purge – tvinge, fjerne → renske vekk, slette fysisk?
her er sannsynlegvis motivasjonen for ordet "apt-get purge" i Debian. det fjernar både pakken og konfigurasjonsfilene som høyrer til pakken. "renske" passar altså godt. "slette fysisk" vert litt for konkret. i e-post og lagringssamanheng kunne eg tenkje meg "slette permanent" som ei mogleg omsetjing.
quark – særhet, særegenhet var meint «quirk»? kan ha «kompatibilitetsmodus» for «quirks mode»
einig i å leggje inn "quirks mode" om noko.
record – ta opp, registrere står («ta opp») i ordlista frå før, men kan kanskje legga til «spille inn»?
greit for meg.
recovery - gjenoppretting recover («gjenopprette») står frå før, så utgår?
ja, det verkar redundant ;-)
redundans – reserve, overskudd, overflødighet, overtallinghet reserve-, redundant/redundans, overkapasitet?
altså, "reserve-, overkapasitet, redundant/redundans" ? veit ikkje om det er hensiktsmessig med slike forkortingsteknikkar. skriv orda fullt ut. kva med:
redundancy - feiltoleranse, reservekapasitet, overkapasitet redundant - feiltolerant, har reservekapasitet, overkapasitet (?)
switch – svitsj har me noko norsk namn for dette (i nettverkssamanheng)?
i gamle dagar heitte ein switch ein bridge, altså ein svitsj var ei (nettverks)bru. men i dag er nok "svitsj" ordet som vert brukt i 99,99% av tilfella.
uncomment – avkommentere → fjern kommentering?
eg synest "avkommentere" er eit OK ny-verb.
userspace – brukerområde OK?
som Petter seier, "brukarland" og "kjerneland". legg altså inn kernelspace også, gjerne med referanse til kvarandre?
vest – binder/knytter sammen forstår ikkje denne
ikkje eg heller.