På eit eller anna apparat har eg sett «soveknapp». Utan å ha tenkt så veldig nøy gjennom, tykkjer eg «innsovingsfunksjon» fortel godt kva funksjonen gjer. Har ikkje andre forslag.
Er samd i at "timer" ikkje bør omsetjast med «timer». Ser at omsetjingsprogramma til Google, Microsoft og andre (alle berre bokmål) omset til «timer» med same uttale som timer (=60 minutt).
Den 11.09.2021 12:50, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Hei!
Har nokon her synspunkt på den beste omsetjinga av «sleep timer»?
I appar for for eksempel nettradio eller musikkavspeling kan ein slå på ein «sleep timer». Då vil programmet automatisk slå av avspelinga når det har gått ei viss tid (eks. 30 minutt). Ein brukar typisk funksjonen når ein vil leggja seg, men ha musikk, radio eller lydbok på øyret. Merk at dette er noko anna enn det som vert kalla «slumrefunksjon» i vekkjarklokker o.l..
I éin norsk app eg sjekka, vart det kalla «innsovningsfunksjon» (på nynorsk vert det då «innsovingsfunksjon»). Det synest eg var ganske greitt. I ein anna program heitte det «søvntimer». Det likte eg mindre. Vil helst unngå ordet «timer» (som heller ikkje har denne tydinga på norsk ifølgje Bokmåls- eller Nynorskordboka). I eit anna program heiter det «Nedteljing til avspelingsstopp». Det var jo veldig langt, men vert forkorta til berre «Nedteljing:» seinare.
Så min favoritt så langt er «innsovingsfunksjon» (som gjerne kan forkortast til berre «innsoving» i nokre samanhengar). Andre forslag eller synspunkt?