Dette uttrykket «språkversjonering»: Ordbøkene.no seier at «versjon» tyder «utforming, tolking, variant». Og det å snakka om at noko kjem i norsk versjon, er ganske vanleg, og i det uttrykket, kan «versjon» beint fram tyda «utgåve». Norske utgjevingar er «lokaliserte» - tilpassa norske tilhøve – det er implisitt. Mi hypotese er at «språkversjon(ering) er relatet til denne, vanlege, talemåten. (Men versjonering minner også om programmeringsversjonering - og uttrykket er slik sett forvirrande.)
No er det som regel ein føresetnad at ei omsetjing tek omsyn til omstenda i den (språk)situasjonen orignalen vert omsett til. Så ei omsetjing som ikkje også er ei form for lokalisering, er neppe ei god omsetjing. For skjønnlitteratur er det vanleg å snakka om omsetjing - men det er også vanleg å snakka om at den «den norske utgåva er omsett av den og den». For bøker er det berre snakk om tekst - men oftast må vel omsetjaren ta omsyn til kva ein norsking har føresetnad for å forstå (medan vedkomande driv og les boka).
Reint prinsippielt, kan ein «lokalisera» noko utan å omsetja det – jamfør å tilpassa eit amerikansk program for britiske tilhøve. Eller berre det å syta for at eit amerikansk, engelsk program i det minste nyttar A4-format ved utskrift på norsk jord, det og er ei ei form for lokalisering - vil eg meina.
Men at det amerikanske programmet vert tilpassa for britiske tilhøve, er det språkversjonering?
«Lokalisering» har jo ei fast tyding - det inneber meir enn berre «rein» omsetjing, det handlar om bruksomsetjing - setja om noko som skal fungera i ein brukssituasjon - eg hadde so nær sagt: fungera i eit lokale, bokstavleg tala.
I uttrykket «lokalisering» ligg det også eit implisitt krav eller ynskje om at omsetjinga (sic!) skal ta omsyn til tradisjonen innanfor det givne lokalet: Det viktiger at ting blir forstått og fungerer – under bruk – og ikkje at det er perleomsetjingar. Det at «View»-menyen heiter «Vis»-menyen på norsk, er til dømes kanskje ikkje heilt «korrekt», men det fungerer heilt perfekt. Og eigentleg er det ikkje viktig kva «Vis» heiter på engelsk.
(Men også til dette kan ein innvenda at når ein t.d. set om ein roman til norsk, så er det visse forventingar til koss dette skal skje. Og til det, igjen, kan ein seia at romanar ofte er forfatta for å vera språkleg originale, og at det er eit poeng å få fram originaliteten på norsk – originalitet er derimot ikkje eit mål når ein driv med lokalisering (bortset ifrå at ein sjølvsagt kan ha større og mindre ambisjonar om å ta i bruk norske ord og uttrykk i staden for lånord, noko som kan kan koma i konflikt med krav om mangel på orignalitet …)
Eg synest per no ikkje mykje er vunne på å nytta «språkversjonering» - utover å visa at kjennskap til norsk datahistorie og handlingsplanar – denne tråden er fyrste gong eg høyrer ordet. Då går eg heller for lokalisering og l10n. Lokalisering fungerer også som verb - å lokalisera. Medan å språkversjonera - eg veit ikkje kva det er.
Leif Halvard Silli
--- Leif Halvard Silli
Den 2022-09-21 21:39 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kjetil Torgrim Homme skreiv 21.09.2022 21:09:
Det er L10N me driv me når me omsett dataprogram. Det vert av og til kalla «lokalisering» på norsk, men me kan med fordel kalla det språkversjonering. Det inneberer omsetting, men òg andre språk-, lands- og kulturtilpassingar, for eksempel slik at me kan skriva desimaltal med komma, ikkje punktum, […]
"språkversjonering" synest eg var eit merkeleg ord, kva er tanken bak det?
Eg kjenner ikkje historia detaljert, men eg reknar med at tanken er at ein lagar ein «språkversjon» av eit dataprogram, for eksempel ein norsk versjon.
Det er eit etablert uttrykk, ikkje noko nytt. Via Nasjonalbiblioteket finn eg første treff frå 1981. Då var det snakk om språkversjonering av film (for eksempel dubbing av barnefilm). Eldste treff av ordet «språkversjon» finn eg frå 1959, då òg om film.
Frå cirka år 2000 og utover ser det ut til å vera brukt ein del om dataprogram. Eit eksempel er «Handlingsplan for norsk språk og IKT» (Norsk språkråd) frå 2001. Det er forresten litt historisk interessant det som står der:
Det er et nasjonalt ansvar å legge best mulig til rette for utvikling av norskspråklig programvare og verktøy på norsk på alle IKT-områder. Det dreier seg om å utvikle norske program, lage norskspråklige utgaver av utenlandske program, viderutvikle verktøy for oversetting og språkversjonering, utvikle norsk terminologi, utvikle norskbaserte verktøy for skrivestøtte (tilleggsprogram for orddeling, stavekontroll, grammatikkontroll, stilanalyse, tekstanalyse og tekstsammendrag, dikteringssystem osv.) og norskbaserte taleteknologiske produkt.
Språkversjonering er i denne handlingsplanen definert slik:
Det å laga forskjellige utgaver av et dataprogram for ulike varianter av ett og samme språk eller for ulike språk ved å oversette alt språk (tekst og/eller tale) i brukergrensesnittet, også meldinger, brukerveiledninger og hjelpetekster.
eg likar best "regiontilpassing" eller "regionale tilpassingar" sjølv, mest fordi "lokal tilpassing" gjerne vert gjort veldig lokalt, for å understøtte behov i ei bedrift el.l.
Ja, rein *regional tilpassing* er jo gjerne ein del av l10n, men l10n omfattar òg *språktilpassing* (viss ein tilpassar eit program for «regionen» Noreg, må ein velja mellom blant anna nynorsk og bokmål) og *kulturell tilpassing*. Er vanskeleg å få eit kort ord som dekker alt dette, men det viktigaste er jo språktilpassinga (omsettinga), så eg synest språkversjonering er den beste løysing. Og det hjelper jo at det alt er eit (nokså) etablert uttrykk, blant anna brukt i offentlege handlingsplanar og sånt. I dei tilfella ein av ein eller annan grunn må legga seg tett opp mot det engelske uttrykket, er «lokalisering» (som kan forkortast l10n på norsk òg) eit brukbart alternativ.