Eg skal omsetja uttrykket «casual game» og lurer på kva eg skal kalla
det på norsk. I ei lengre setning ville det kanskje vore naturleg å
omtala det som enkelt «tidsfordriv» e.l., men i min samanheng vil eg
helst ha med ordet «spel». Det skal stå saman med andre spelsjangrar,
for eksempel actionspel og kortspel.
Eg ser Wikipedia på bokmål/riksmål kallar det «lettbeint spill», med
alternativa «avslappet spill», «hverdagsspill» og «casual-spill». Dei
nemner at eit «casual game» typisk har:
* Enkle spillmekanismer som er lette å forstå og lære.
* Enkelt brukergrensesnitt operert med få trykk eller klikk.
* Korte spillrunder, slik at et spill kan spilles i løpet av pauser i
arbeidsdagen, på offentlig transport eller ventende i en kø.
* Ofte gjenkjennelige visuelle elementer, som gjenspeilinger av
spillkort og bondesjakk.
Sjå https://no.wikipedia.org/wiki/Lettbeint_spill for meir forklaring.
Eg synest «lettbeint spel» er ei heilt okei omsetjing, men eg synest
ikkje ho treffer /heilt/. Det er heller ingen kjelder i
Wikipedia-artikkelen på at uttrykket er brukt på norsk, så det verkar å
vera «funne opp» av artikkelforfattaren. I denne NRK-artikkelen
https://www.nrk.no/kultur/xl/voksne-kvinner-spiller-mer-mobilspill-enn-menn…
brukar dei hovudsakleg det engelske omgrepet eller kallar det «småspill»
(som er greitt, men ganske upresist).
Synspunkt? I utgangspunktet har eg tenkt å gå for «lettbeint spel», men
viss det finst betre alternativ, så kom med dei!
Det finst òg eit relatert uttrykk, «casual gaming», og det kan vera
greitt å få eit norsk uttrykk for dette òg.
--
Karl Ove Hufthammer
Eg kan kunngjera at appen StreetComplete no igjen er 100 % omsett til
nynorsk. Det var han for så vidt òg for nokre år sidan, men i mellomtida
hadde eg dessverre vanrøkta omsetjinga. Men no er ho altså komplett
igjen, og eg vil halda ho ved like framover.
Kva er StreetComplete? Jo, det er ein Android-app der ein /svært enkelt/
kan bidra til det globale dugnadskartet OpenStreetMap ved å svara på små
spørsmål om ting ein ser rundt seg når ein er ute og går. Eksempel på
spørsmål er «Har denne gata fortau?», «Er det ein fotgjengarovergang
her?», «Er det tak over denne sykkelparkeringa?» og «Kva kan du levera
til resirkulering her?».
Ein kan installera appen frå anten F-Droid eller Google Play:
https://streetcomplete.app/?lang=nn
Dette er elles ein app som var ganske krevjande å omsetja. For det
første er OpenStreetMap-kartet laga for heile verda, så det er ein del
kart- og trafikkomgrep som er anten smalare eller breiare enn det me har
i Noreg. I nokre land skil ein for eksempel mellom forbodsskiltet «No
stopping» og «No standing» (i tillegg til «No parking»). Ein må òg
kjenna til tekniske formuleringar som «two-way left turn lane»
(«venstresvingefelt med tovegskøyring», av og til feilstava som
«venstresvingfelt […]»).
Ein må veta at «tactile paving» nokre gongar må omsetjast til
«leielinjer for blinde» (ved fotgjengarovergangar og busstopp) og nokre
gongar til «fare- og merksemdsfelt» (øvst og nedst i trapper). Ein må
vera obs på at «rising» på norsk må verta til «senkbar», sjølv om det
språkleg høyrest heilt feil ut (det er snakk om senkbare pullertar). Og
at «dormitory» /ikkje/ er ein sovesal (det er i denne samanheng det me
på norsk vil kalla ein studentby, eller meir generelt eit hybelkompleks).
Og ein må kjenna OpenStreetMap-kodane så godt at «Parking on roadway»
helst /ikkje/ vert omsett til «Parkering langs vegen» (sidan koden òg
omfattar at ein kan parkera 90 gradar på vegretninga). Og ein trur
kanskje at «Select one:» kan omsetjast til «Vel éin» (eks. «éin type
parkeringsplass»), og det ser først ut til å passa fint, men så vert
visst same teksten gjenbrukt til hokjønnsord («Vel éi:») eller
inkjekjønnsord («Vel eitt:»). Løysinga kan då verta «Vel eitt alternativ:».
Det er altså mange små og store språklege feller å gå i. Så sjølv om eg
har testa appen ein del (og finlese definisjonane på
OpenStreetMap-wikien), er det truleg feil og inkonsistensar i nokre av
dei 1451 små og store tekstane der. Det vil derfor vera fint om nokon av
dykk kan lasta ned appen, ta turen ut og testa nynorskomsetjinga i
praksis. Ein treng berre ein vanleg OpenStreetMap-konto (registrer deg
på https://www.openstreetmap.org/user/new). Og det er ein app som
faktisk er ganske gøy å bruka! Meld frå om feil og manglar direkte til
meg på e-post, eventuelt her på lista.
--
Karl Ove Hufthammer
I systemet for automatisk korrekturlesing (sjå
https://l10n.no/verktoy/automatisk-korrekturlesing.html), har me lenge
hatt ein regel som sjekka om det var brukt bokmålsord i
nynorskomsetjinga. Men på grunn av store forskjellar i ordtilfanget i
dei underliggande ordbøkene (Nynorskordboka og Bokmålsordboka), gav han
/mange/ falske positivar og var derfor slått av som standard.
Men no som Revisjonsprosjektet
(https://www.uib.no/lle/revisjonsprosjektet) har harmonisert
ordtilfanget i dei to ordbøkene, er det så godt som likt på dei to
språka. Eg har derfor oppdatert ordlistefila og tilhøyrande regel (i
Pology) slik at regelen vert brukt som standard.
Eg prøvde å køyra regelen på nynorskomsetjinga av KDE-programma, og han
fann ein bråte med feil (pluss nokre falske positivar), så han verkar
veldig nyttig. Dei falske positivane var stort sett frå personnamn (eks.
nokon som heiter «Sitter» til etternamn), og det var òg moglege å
utelukkande ein del av dei ved å finpussa på regelen og legga inn nokre
unntak.
For å køyra (berre denne) regelen manuelt, kan de (etter ha oppdatert
Pology) køyra denne kommandoen:
posieve --skip-obsolete check-rules -slang:nn -srule:bokmålsord
På https://l10n.no/verktoy/automatisk-korrekturlesing.html stod det info
om korleis ein køyrde regelen når han var ikkje-standard, men denne har
eg sjølvsagt oppdatert
(https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/commit/1548cf4cac6862b965a3f165111…).
--
Karl Ove Hufthammer