Gisle Hannemyr skreiv 14. juni 2018 14:15:
Creative Commons Norge (som jeg leder) er også interessert i å bidra til å fremme friprog-oversettinger.
Vi har allerede en stund hatt vårt eget oversettingsprosjekt som man kan finne her: https://creativecommons.no/ord_ennb
I tillegg eier vi dette domenet: http://www.i18n.no/
Det ble anskaffet for å forsøke å få til et felles oversettingsprosjekt blant dem som arbeider med fri programvare og fri kultur -- men jeg klarte aldri å få de rette personene i tale, slik at det foreløpig ligger ubrukt.
Dersom de som i dag driver aktiviteten langs fellesordlistene kunne tenke seg å gå fra å vedlikeholde flate tekstfiler til å vedlikeholde termer i en termdatabase, så er Creative Commons Norge og jeg åpen for å samarbeide. Da kan folk fra oversettermiljøet få administrator-rettigheter til denne termdatabasen.
Eg òg er open for at me kan gå for denne løysinga. Personleg føretrekker eg eit versjonskontrollert system, men kan leva med ein database bak eit vevgrensesnitt.
Eg ser me kan få ut ei oversikt over alle orda i databasen, med forklaringar, på https://creativecommons.no/ord_cvs Dette fungerer altså i praksis ganske likt som fellesordlista me alt har. Det er bra. (Den paginerte standardvisinga er mindre praktisk.)
Databaseløysinga har òg den fordelen at me kan lenkja til enkelttermar. Eksempel: https://creativecommons.no/node/3333
Eg ser det òg finst ei eiga side med typografitermar: https://creativecommons.no/node/86 Er denne ein del av databasen eller noko eksternt, som må vedlikehaldast for seg?
I Fellesordlista har me nokre plassar samla relaterte ord, eks. for ordet «interest» http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html#interest og «rendering intent» http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html#rendering_intent og «MDN (Message Disposition Notification)» (finst ikkje direktelenkje, men sjå http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html)
Vil noko tilsvarande vera mogleg med databaseløysinga?
Og kan det gjerast mogleg å henta ut dataa i databasen i eit meir strukturert (maskinlesbart) format, for bruk i for eksempel omsettingsprogram?
I stedet for epost-lister (som i dag) kan diskusjon om termer i stedet (for eksempel) foregå i et web-forum, der hver "term" kan ha sin egen tråd.
Dette er eg svært lite begeistra for. Det er gjerne slik at relaterte termar vert diskuterte saman, og diskusjonar kan gjerne forgreina seg, eller komma inn på tidlegare diskuterte ord. Då fungerer ei 1-til-1-kopling mellom term og diskusjon dårleg. Det vert rett og slett for avgrensande («tvangstrøyande»).
I tillegg synest eg ei e-postliste er mykje meir praktisk og behageleg til slike diskusjonar. Vevforum er etter mi meining eit *ork* å delta i.
Det negative med e-postlista vår er at arkivsida ikkje er søkbar. Det *var* ikkje eit problem så lenge det vevbaserte brukargrensesnittet på Gmane var tilgjengeleg. Men det forsvann dessverre for nokre år sidan. (Men ein kan framleis bruka NNTP-grensesnittet til Gmane for å søka i arkivet vårt.) Og har ein sitt eige arkiv i e-postprogrammet sitt, er det heller ikkje noko problem; då er det jo ein *fordel* at ein kan bruka sitt eige favorittprogram til å søka.
Andre listesystem (eks. Mailman 3 med HyperKitty, eks. på https://lists.fedoraproject.org/archives/) har søkbare arkiv.
Det er jo òg eit poeng at me har 18 år *med* diskusjonar om orda i Fellesordlista. Eit eventuelt nytt vevforum ville berre dekka ein liten brøkdel av orda, og då ikkje har særleg verdi.