Onsdag 17. oktober 2001 18:09 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Catch up Det har me snakka. Treng desperat forslag til omsetjing.
Det var ein kryptisk kommando ... Kanskje du kan bruka 'samkøyring'?
Response body/header 'body' trur eg kan kuttast ut, men kva kallar me 'header'? Eg har prøvd med 'hovud' og 'linje'. Det fungerer fint i f.eks. 'response header' ('svarhovud') og 'HTTP headers' ('HTTP-linjer'), men 'Malformed header line' er meir problematisk.
'Misforma (linje i) svarhovud'? (Dersom det er snakk om 'response header', sjølvsagt.)
Remote Eg har brukt omsetjing 'fjern', men den hørest av og til litt, vel, fjern ut. Det er her snakk om 'fjerne filer' og 'fjerne nettstadar'.
I KDE har eg ofte skrive om med 'nettverk', til dømes 'remote game' = 'spel over nettverket' eller 'nettverksspel'. Eg har og brukt setningar som 'den andre maskina'.
Her kan vel kanskje 'filer/nettstadar på Internett/verdsveven' fungera?
Server does not allow partial GETs. Tenaren kan ikkje handtera delvise GET-kommandoar. 'delvise' hørest litt rart ut.
Veldig rart. Kva med '... kommandoar for delvis GET'? (Dette er vel ein spesiell type GET-kommando, ikkje ein ufullstendig GET-kommando?)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes