On Mon, 2009-06-29 at 14:53 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kjetil Torgrim Homme:
tracker → sporar
om ein heller skal sjå på funksjon, kunne kanskje noko i retning "organisator" fungere. (det står heilt stilt for meg akkurat no.)
Eg synest «organisator» er bra. Men «sporar» er jo meir i tråd med originalteksten, noko som kanskje kan gjera ordet lettare å forstå for dei som er vane med det engelske ordet.
tja, det er ikkje snakk om jegarar her. ein kan ikkje bruke ordboka her (jf. Google Translate som omset til svensk som FÖRFÖLJARE, SPÅRHUND, MÅLFÖLJARE), det er ei substantivering av "to keep track of sth", eller "halde greie på", "halde oversikt over".
kanskje "oversiktstenar" kan duge?
seeder → delar
her ville eg sagt "kjelde".
KTorrent støttar jo (RSS-)kjelder, so det kan kanskje vera forvirrande. Eg vil foretreka «delar». Det passar òg fint med motstykket «nedlastar» (sjølv om han/ho òg kan dela).
einig i det. (det utelukkar kanskje "del" om "piece"/"chunk"?)
chunk → blokk
Før brukte KTorrent «bit». Det var veldig forvirrande. Eg har sett program bruka «stykke», men eg synest ikkje det var so bra heller. Eg ville gått for «blokk».
kva vil du omsetje "block" med då?