2013/1/17 Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no
I eit forsøk på å "standardisere" funksjonsnamna i LibreOffice Calc har eg laga ei samanlikningsliste mellom funksjonsnamna på bokmål, nynorsk og namna i Excel (bare bokmål). Lista er å finne på http://www.stuestoel.no/temp/**funksjonsnamna.odshttp://www.stuestoel.no/temp/funksjonsnamna.odsog http://www.stuestoel.no/temp/**funksjonsnamna.htmlhttp://www.stuestoel.no/temp/funksjonsnamna.html
Eg har også set opp noen forslag, men dei er mest meint som utgangspunkt for ein diskusjon om emnet. Der skil eg ikkje mellom namn i bruk og namn som er uklåre (fuzzy) i po-filene. Håper noen har meiningar om dette.
Håpet mit er at namna skal vere logiske og nokolunde greie å bruke. Samstundes bør det vere eit eller anna system i dette. Sjølvsagt bør dei også vere korrekte i høve til fagtermane. Difor føreslår eg t.d "EKSKLUSIVELLER" for "XOR". Ein del ord er ikkje omsette i Excel. Truleg fordi dei fleste av desse er i bruk i 2013-utgåva og ikkje omsette førebels?
For å spare ein del tastetrykk, kunne eg gjerne ha omsett "if" med "viss" i staden for "dersom" på nynorsk, men det er vel å gå for langt? Altså mange omsyn å ta.
Slik eg ser det, er det viktigaste å få alle funksjonsnamna på plass snarast, så får heller omsetjingane av forklaringane vente litt. Litt tungvindt for brukarane å skifte desse kommandonamna seinare. LibreOffice 4.0 skal sleppast i februar, så tida er knapp.
Eg er imponert over dei som har gjort grovarbeidet her tidlegare. Mykje bra arbeid. Kan vi greie å fullføre dette?
Kolbjørn Stuestøl
______________________________**_________________ i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/**mailman/lister.ping.uio.no/**listinfo/i18n-nohttps://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
Vi kan fullføre det, men det er fortsatt et spørsmål om bemanning. At vi nå blir enige om en del ting på tvers av oversettelsene ordner jeg senere med en pressemelding angående endringer osv.