Tusen takk for for tilbakemeldinga! Kommentarar innimellom nedanfor:
Håkon Løvdal skreiv 28.03.2021 16:15:
- Analog Electricity
- Analogteknikk
Bør heller være "Analog elektronikk" (i motsetning til digital).
Her har eg støtta meg til SNL, som skriv på https://snl.no/analogteknikk:
Analogteknikken omfatter både elektriske, mekaniske, pneumatiske og hydrauliske apparater og systemer, men uttrykket brukes nå først og fremst om elektronisk analogteknikk. […] Det motsatte av analogteknikk er digitalteknikk.
Det finst òg ein tilsvarande aktivitet for digitalteknikk i GCompris, der ein held på med logiske portar og sånt. Dei to aktivitetane vert viste ved sida av kvarandre i menyen, og dei bør derfor ha tilsvarande namn. Ein grunn til at eg valde «Analogteknikk», var at det var kortare enn «Analog elektrisitet». Men det *er* plass den lengre varianten òg. Så kva synest andre er best?
- You can click on the component and then on the rotate buttons to
rotate it or on the info button to get information about it
- Du kan dreia på ein komponent ved å trykkja på han og så på
dreieknappane. Trykk på informasjonsknappen for å lesa meir om komponenten. Originalen har formen "Trykk på komponenten og så A eller B", jeg føler siste setning her har mistet forutsetningen at man skal trykke på komponenten først før man så trykker på informasjonsknappen.
Eit par generelle ord om formuleringane eg har brukt. Dei er for mange av tekstane forskjellig på norsk og engelsk. På engelsk er dei inkonsekvente og passar faktisk ikkje alltid så bra i konteksten. For omsettinga har eg spela igjennom aktiviteten og sett på korleis alle tekstane framstår, og eg har så tilpassa omsettinga til dette.
Når det er sagt, så er eg einig med deg. Eg prøver meg med:
Du kan trykkja på ein komponent og så på dreieknappane for å dreia på han eller på informasjonsknappen for å lesa meir om han.
Det vart ein litt lang setning, man han er forhåpentlegvis forståeleg. (Det er forresten bevisst at eg brukar «ein komponent» i staden for «komponententen». I den aktuelle konteksten er det ikkje snakk om ein gitt komponent.)
- Du kan trykkja på ein brytar for å opna eller lukka han, og du kan
endra reguleringsmotstanden i ein regulerbar motstand ved å dra glidebrytaren. "reguleringsmotstanden" kan forenkles til bare "motstanden"
Einig. Det var noko som hang igjen frå eit tidlegare utkast der eg ikkje hadde med «i ein regulerbar motstand». No vert det:
[…] og du kan endra resistansen i ein regulerbar motstand ved å dra glidebrytaren.
Eg prøver å vera konsekvent med å bruka «motstand» om den fysiske gjenstanden og «resistans» om fenomenet.
- Simple connector
- Tilkoplingspunkt
Bør heller være "kontakt".
Einig. Retta.
Og jeg synes "terminal" i alle setningene burde oversettes til "tilkoblingspunkt".
Hm. Fordi det er det som er mest brukt på norsk? Eg vil i utgangspunktet helst bruka det kortaste/enklaste ordet, altså «terminal», men viss det er «tilkoplingspunkt» som er mest brukt, kan eg endra.
Terminalane/tilkoplingspuknta er det som er vist som dei grå sirklane på komponentane i denne videoen: https://www.youtube.com/watch?v=8TbbVhdqZUw
- Voltage or electric potential difference is what makes a current in
a circuit. It is like a "push" or "pull" for electric charge.
- Spenning er det som driv straum i ein elektrisk krins. Du kan tenkja
på det som noko som «skubbar» eller «halar» elektrisk ladning. Jeg synes aspektet med differanse i potensiale bør bevares: "Spenning eller skilnad i elektrisk potensial er det som ..."
OK. Eg endrar. (Har òg endra «halar» til «dreg».)
- A rheostat can act as a simple resistor if the terminals of the
extremities are connected in a circuit.
- Ein regulerbar motstand verkar som ein vanleg motstand når dei ytre
terminalane er kopla til den elektriske krinsen. "Ein regulerbar motstand verkar som ein vanleg motstand når tilkoblingspunkta til ytterpunktane for regulering er kopla til den elektriske krinsen."
Tja. Her er det snakk om fysisk plassering. Desse motstandane har tre terminalar/tilkoplingspunkt, to «ytre» og éin i midten. Ved tid 1:50 i denne videoen er det eit eksempel: https://www.youtube.com/watch?v=8TbbVhdqZUw
Og då er vel omsettinga OK? Eller forslag til ei endå betre skildring?
-The first condition is current flow in it should be in the direction of the arrow. That means the positive terminal of the battery connected to the terminal at the tail of the arrow shown, and the negative terminal to the head side. This condition is called forward bias.
- Det første vilkåret er at straumretninga skal vera i pilretninga.
Det vil seia at den positive polen på batteriet skal vera kopla til pilenden og den negative polen til pilspissen. Dette vilkåret vert kalla leieforspenning. Jeg har ikke hørt uttrykket "leieforspenning" før og fant ingen treff på nett.https://nn.wikipedia.org/wiki/Diode refererer til "framoverbias", men "forover forspent" er også vanlig og vil fungere best her.
Var veldig usikker på denne, ja. På bokmål vert det «ledeforspenning». Eg fann det som term i boka «Ordbok for elektronikk: med definisjoner og termer på norsk og engelsk», utgjeven i 1998 og tilgjengeleg elektronisk her: https://www.nb.no/items/1a86ddbe776758f0e496cb6fc99a694a?page=179&search...
Eg kan endra omsettinga, men korleis skal eg formulera det? Den engelske teksten er altså «This condition is called forward bias.» Og «forspent» er vel eit adjektiv, så eg kan ikkje bruka same type formulering.
Og skal det forresten vera «forover forspent» eller «foroverforspent»? Får nokre treff på sistnemnde. (Og på nynorsk må det vel vera «framover» i staden for «forover». Det får eg ingen treff på …)