Hei!
Eg har nettopp omsett ein modul om elektrisitet i leik-og-lær-spelet GCompris (https://gcompris.net/index-nn.html). Kort sagt er det ein pedagogisk aktivitet der ein lærer om elektrisitet ved å laga (virtuelle) elektrisk krinsar, ved for eksempel å kopla lyspærer til batteri.
Men det er ei god stund sidan eg heldt på med slikt sjølv, så eg er litt usikker på om eg har fått terminologien og fysikken heilt rett. (Og eg mistenker at dei engelske originaltekstane ikkje er heilt gode heller.)
Er det nokon her på lista som har litt erfaring med elektriske krinsar og kan ta ein kjapp kikk på omsettinga? Eg har lagt ut ei nettside der de kan sjå originaltekstane og mi omsetting:
https://huftis.org/kritikk/gcompris/analog-electricity.html
Det eg treng mest, er tilbakemelding på terminologien, men om de finn skrivefeil eller dårleg språk, tek eg sjølvsagt imot meldingar om det òg! :)
Send tilbakemelding på e-post direkte til meg eller her til diskusjonslista.
Vennleg helsing Karl Ove Hufthammer
- Analog Electricity - Analogteknikk Bør heller være "Analog elektronikk" (i motsetning til digital).
- You can click on the component and then on the rotate buttons to rotate it or on the info button to get information about it - Du kan dreia på ein komponent ved å trykkja på han og så på dreieknappane. Trykk på informasjonsknappen for å lesa meir om komponenten. Originalen har formen "Trykk på komponenten og så A eller B", jeg føler siste setning her har mistet forutsetningen at man skal trykke på komponenten først før man så trykker på informasjonsknappen.
- Du kan trykkja på ein brytar for å opna eller lukka han, og du kan endra reguleringsmotstanden i ein regulerbar motstand ved å dra glidebrytaren. "reguleringsmotstanden" kan forenkles til bare "motstanden"
- Simple connector - Tilkoplingspunkt Bør heller være "kontakt".
Og jeg synes "terminal" i alle setningene burde oversettes til "tilkoblingspunkt".
- Voltage or electric potential difference is what makes a current in a circuit. It is like a "push" or "pull" for electric charge. - Spenning er det som driv straum i ein elektrisk krins. Du kan tenkja på det som noko som «skubbar» eller «halar» elektrisk ladning. Jeg synes aspektet med differanse i potensiale bør bevares: "Spenning eller skilnad i elektrisk potensial er det som ..."
- A rheostat can act as a simple resistor if the terminals of the extremities are connected in a circuit. - Ein regulerbar motstand verkar som ein vanleg motstand når dei ytre terminalane er kopla til den elektriske krinsen. "Ein regulerbar motstand verkar som ein vanleg motstand når tilkoblingspunkta til ytterpunktane for regulering er kopla til den elektriske krinsen."
-The first condition is current flow in it should be in the direction of the arrow. That means the positive terminal of the battery connected to the terminal at the tail of the arrow shown, and the negative terminal to the head side. This condition is called forward bias. - Det første vilkåret er at straumretninga skal vera i pilretninga. Det vil seia at den positive polen på batteriet skal vera kopla til pilenden og den negative polen til pilspissen. Dette vilkåret vert kalla leieforspenning. Jeg har ikke hørt uttrykket "leieforspenning" før og fant ingen treff på nett. https://nn.wikipedia.org/wiki/Diode refererer til "framoverbias", men "forover forspent" er også vanlig og vil fungere best her.
- Kopla den raude lysdioden til batteriet med leieforspenning. Ikkje bry deg om at dioden vert øyelagd. ditto
On Sun, 28 Mar 2021 at 14:30, Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org wrote:
Hei!
Eg har nettopp omsett ein modul om elektrisitet i leik-og-lær-spelet GCompris (https://gcompris.net/index-nn.html). Kort sagt er det ein pedagogisk aktivitet der ein lærer om elektrisitet ved å laga (virtuelle) elektrisk krinsar, ved for eksempel å kopla lyspærer til batteri.
Men det er ei god stund sidan eg heldt på med slikt sjølv, så eg er litt usikker på om eg har fått terminologien og fysikken heilt rett. (Og eg mistenker at dei engelske originaltekstane ikkje er heilt gode heller.)
Er det nokon her på lista som har litt erfaring med elektriske krinsar og kan ta ein kjapp kikk på omsettinga? Eg har lagt ut ei nettside der de kan sjå originaltekstane og mi omsetting:
https://huftis.org/kritikk/gcompris/analog-electricity.html
Det eg treng mest, er tilbakemelding på terminologien, men om de finn skrivefeil eller dårleg språk, tek eg sjølvsagt imot meldingar om det òg! :)
Send tilbakemelding på e-post direkte til meg eller her til diskusjonslista.
Vennleg helsing Karl Ove Hufthammer
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
[Håkon Løvdal]
- Du kan trykkja på ein brytar for å opna eller lukka han, og du kan
endra reguleringsmotstanden i ein regulerbar motstand ved å dra glidebrytaren. "reguleringsmotstanden" kan forenkles til bare "motstanden"
Tror de heter dreiemotstand på norsk, eller variabel motstand, se <URL: https://www.fybikon.no/datalogging-vernier/tilbehor-vernier/dreiemotstand-ve... >. Merk, dette var en veldig dyr variant.
- A rheostat can act as a simple resistor if the terminals of the
extremities are connected in a circuit.
- Ein regulerbar motstand verkar som ein vanleg motstand når dei ytre
terminalane er kopla til den elektriske krinsen. "Ein regulerbar motstand verkar som ein vanleg motstand når tilkoblingspunkta til ytterpunktane for regulering er kopla til den elektriske krinsen."
Heller variabel motstand.
Tusen takk for for tilbakemeldinga! Kommentarar innimellom nedanfor:
Håkon Løvdal skreiv 28.03.2021 16:15:
- Analog Electricity
- Analogteknikk
Bør heller være "Analog elektronikk" (i motsetning til digital).
Her har eg støtta meg til SNL, som skriv på https://snl.no/analogteknikk:
Analogteknikken omfatter både elektriske, mekaniske, pneumatiske og hydrauliske apparater og systemer, men uttrykket brukes nå først og fremst om elektronisk analogteknikk. […] Det motsatte av analogteknikk er digitalteknikk.
Det finst òg ein tilsvarande aktivitet for digitalteknikk i GCompris, der ein held på med logiske portar og sånt. Dei to aktivitetane vert viste ved sida av kvarandre i menyen, og dei bør derfor ha tilsvarande namn. Ein grunn til at eg valde «Analogteknikk», var at det var kortare enn «Analog elektrisitet». Men det *er* plass den lengre varianten òg. Så kva synest andre er best?
- You can click on the component and then on the rotate buttons to
rotate it or on the info button to get information about it
- Du kan dreia på ein komponent ved å trykkja på han og så på
dreieknappane. Trykk på informasjonsknappen for å lesa meir om komponenten. Originalen har formen "Trykk på komponenten og så A eller B", jeg føler siste setning her har mistet forutsetningen at man skal trykke på komponenten først før man så trykker på informasjonsknappen.
Eit par generelle ord om formuleringane eg har brukt. Dei er for mange av tekstane forskjellig på norsk og engelsk. På engelsk er dei inkonsekvente og passar faktisk ikkje alltid så bra i konteksten. For omsettinga har eg spela igjennom aktiviteten og sett på korleis alle tekstane framstår, og eg har så tilpassa omsettinga til dette.
Når det er sagt, så er eg einig med deg. Eg prøver meg med:
Du kan trykkja på ein komponent og så på dreieknappane for å dreia på han eller på informasjonsknappen for å lesa meir om han.
Det vart ein litt lang setning, man han er forhåpentlegvis forståeleg. (Det er forresten bevisst at eg brukar «ein komponent» i staden for «komponententen». I den aktuelle konteksten er det ikkje snakk om ein gitt komponent.)
- Du kan trykkja på ein brytar for å opna eller lukka han, og du kan
endra reguleringsmotstanden i ein regulerbar motstand ved å dra glidebrytaren. "reguleringsmotstanden" kan forenkles til bare "motstanden"
Einig. Det var noko som hang igjen frå eit tidlegare utkast der eg ikkje hadde med «i ein regulerbar motstand». No vert det:
[…] og du kan endra resistansen i ein regulerbar motstand ved å dra glidebrytaren.
Eg prøver å vera konsekvent med å bruka «motstand» om den fysiske gjenstanden og «resistans» om fenomenet.
- Simple connector
- Tilkoplingspunkt
Bør heller være "kontakt".
Einig. Retta.
Og jeg synes "terminal" i alle setningene burde oversettes til "tilkoblingspunkt".
Hm. Fordi det er det som er mest brukt på norsk? Eg vil i utgangspunktet helst bruka det kortaste/enklaste ordet, altså «terminal», men viss det er «tilkoplingspunkt» som er mest brukt, kan eg endra.
Terminalane/tilkoplingspuknta er det som er vist som dei grå sirklane på komponentane i denne videoen: https://www.youtube.com/watch?v=8TbbVhdqZUw
- Voltage or electric potential difference is what makes a current in
a circuit. It is like a "push" or "pull" for electric charge.
- Spenning er det som driv straum i ein elektrisk krins. Du kan tenkja
på det som noko som «skubbar» eller «halar» elektrisk ladning. Jeg synes aspektet med differanse i potensiale bør bevares: "Spenning eller skilnad i elektrisk potensial er det som ..."
OK. Eg endrar. (Har òg endra «halar» til «dreg».)
- A rheostat can act as a simple resistor if the terminals of the
extremities are connected in a circuit.
- Ein regulerbar motstand verkar som ein vanleg motstand når dei ytre
terminalane er kopla til den elektriske krinsen. "Ein regulerbar motstand verkar som ein vanleg motstand når tilkoblingspunkta til ytterpunktane for regulering er kopla til den elektriske krinsen."
Tja. Her er det snakk om fysisk plassering. Desse motstandane har tre terminalar/tilkoplingspunkt, to «ytre» og éin i midten. Ved tid 1:50 i denne videoen er det eit eksempel: https://www.youtube.com/watch?v=8TbbVhdqZUw
Og då er vel omsettinga OK? Eller forslag til ei endå betre skildring?
-The first condition is current flow in it should be in the direction of the arrow. That means the positive terminal of the battery connected to the terminal at the tail of the arrow shown, and the negative terminal to the head side. This condition is called forward bias.
- Det første vilkåret er at straumretninga skal vera i pilretninga.
Det vil seia at den positive polen på batteriet skal vera kopla til pilenden og den negative polen til pilspissen. Dette vilkåret vert kalla leieforspenning. Jeg har ikke hørt uttrykket "leieforspenning" før og fant ingen treff på nett.https://nn.wikipedia.org/wiki/Diode refererer til "framoverbias", men "forover forspent" er også vanlig og vil fungere best her.
Var veldig usikker på denne, ja. På bokmål vert det «ledeforspenning». Eg fann det som term i boka «Ordbok for elektronikk: med definisjoner og termer på norsk og engelsk», utgjeven i 1998 og tilgjengeleg elektronisk her: https://www.nb.no/items/1a86ddbe776758f0e496cb6fc99a694a?page=179&search...
Eg kan endra omsettinga, men korleis skal eg formulera det? Den engelske teksten er altså «This condition is called forward bias.» Og «forspent» er vel eit adjektiv, så eg kan ikkje bruka same type formulering.
Og skal det forresten vera «forover forspent» eller «foroverforspent»? Får nokre treff på sistnemnde. (Og på nynorsk må det vel vera «framover» i staden for «forover». Det får eg ingen treff på …)
Petter Reinholdtsen skreiv 28.03.2021 16:27:
- Du kan trykkja på ein brytar for å opna eller lukka han, og du kan
endra reguleringsmotstanden i ein regulerbar motstand ved å dra glidebrytaren. "reguleringsmotstanden" kan forenkles til bare "motstanden"
Tror de heter dreiemotstand på norsk, eller variabel motstand, se <URL:https://www.fybikon.no/datalogging-vernier/tilbehor-vernier/dreiemotstand-ve... >. Merk, dette var en veldig dyr variant.
Er dreiemotstand ein generell term eller berre spesifikt for motstandar der du regulerer resistansen ved å *dreia*, altså med eit hjul eller liknande? Eg finn òg treff på skyvemotstand, som verkar å vera det lineære motstykket.
Termen «regulerbar motstand» fann eg forresten på https://snl.no/reostat_-_elektrisitetsl%C3%A6re:
Reostat er en eldre betegnelse på en regulerbar motstand.
Men «variabel mostand» verkar bra, og gjev fleire relevante treff på nettet. For eksempel her, med ein komponent som liknar på den i GCompris: https://www.fybikon.no/fysikk/elektrisitet/kretskomponenter/stromkretskompon...
Så eg endrar «regulerbar motstand» til «variabel motstand».
Karl Ove Hufthammer skreiv 28.03.2021 14:30:
Er det nokon her på lista som har litt erfaring med elektriske krinsar og kan ta ein kjapp kikk på omsettinga? Eg har lagt ut ei nettside der de kan sjå originaltekstane og mi omsetting:
Det var visst nokre tekstar som mangla i denne fila. Eg har lasta dei opp her:
http://huftis.org/kritikk/gcompris/analog_electricity-ekstratekstar.html
(Grunnen til at filene mangla, var at msggrep tydelegvis er veldig streng i tolkinga av «--location»-argumentet og tek ikkje med undermapper. Har ikkje funnne nokon måte å omgå problemet på.)
On Sun, 2021-03-28 at 17:13 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Når det er sagt, så er eg einig med deg. Eg prøver meg med:
Du kan trykkja på ein komponent og så på dreieknappane for å dreia på han eller på informasjonsknappen for å lesa meir om han.Det vart ein litt lang setning, man han er forhåpentlegvis forståeleg.
Dette er kanskje i overkant pirkete men...
Eg synest du bør gjenta "trykkja" ("eller trykkja på") for å gjere dette meir lettlest. Synest også du kan droppe den siste "om han" sidan det fort peikar tilbake på feil "han", og uansett følest overflødig.
Kan dessverre ikkje hjelpe med resten.
Kjetil Torgrim Homme skreiv 28.03.2021 19:22:

Pirk er berre bra! Eg prøver meg på ei fullstendig omskriving:
Viss du vil dreia på ein komponent, trykk først på komponenten og så på ein av av dei to dreieknappane. Viss du vil læra meir om han, trykk på han og så på informasjonsknappen.
Betre no?
On Sun, 2021-03-28 at 19:37 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kjetil Torgrim Homme skreiv 28.03.2021 19:22:
Du kan trykkja på ein komponent og så på dreieknappane for å dreia på han eller på informasjonsknappen for å lesa meir om han.
Det vart ein litt lang setning, man han er forhåpentlegvis forståeleg.
Dette er kanskje i overkant pirkete men...
Eg synest du bør gjenta "trykkja" ("eller trykkja på") for å gjere dette meir lettlest. Synest også du kan droppe den siste "om han" sidan det fort peikar tilbake på feil "han", og uansett følest overflødig.
Pirk er berre bra! Eg prøver meg på ei fullstendig omskriving:
Viss du vil dreia på ein komponent, trykk først på komponenten og så på ein av av dei to dreieknappane. Viss du vil læra meir om han, trykk på han og så på informasjonsknappen.
Betre no?
ja, det vart veldig tydeleg :-)
On 28 Mar 2021, at 17:13, Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org wrote:
Tusen takk for for tilbakemeldinga! Kommentarar innimellom nedanfor:
Håkon Løvdal skreiv 28.03.2021 16:15:
- Analog Electricity
- Analogteknikk
Bør heller være "Analog elektronikk" (i motsetning til digital).
Her har eg støtta meg til SNL, som skriv på https://snl.no/analogteknikk: https://snl.no/analogteknikk:
Analogteknikken omfatter både elektriske, mekaniske, pneumatiske og hydrauliske apparater og systemer, men uttrykket brukes nå først og fremst om elektronisk analogteknikk. […] Det motsatte av analogteknikk er digitalteknikk.
Det finst òg ein tilsvarande aktivitet for digitalteknikk i GCompris, der ein held på med logiske portar og sånt. Dei to aktivitetane vert viste ved sida av kvarandre i menyen, og dei bør derfor ha tilsvarande namn. Ein grunn til at eg valde «Analogteknikk», var at det var kortare enn «Analog elektrisitet». Men det *er* plass den lengre varianten òg. Så kva synest andre er best?
Hvorfor elektrisitet, høres jo mer ut som dette er elektronikk enn elektrisitet?
Skillet mellom analog- og digitalteknikk er etablert i fagfeltet (f.eks. vil man kjenne igjen delingen i NTNUs kurskatalog), men kanskje ikke for målgruppen. Personlig liker jeg analogteknikk, eventuelt kretsteknikk - det kommer jo an på hvor trykket i innholdet er (på elektroniske kretser eller systems lover).
-Andreas
Den 28.03.2021 16:27, skreiv Petter Reinholdtsen:
- Du kan trykkja på ein brytar for å opna eller lukka han, og du kan
endra reguleringsmotstanden i ein regulerbar motstand ved å dra glidebrytaren. "reguleringsmotstanden" kan forenkles til bare "motstanden"
Tror de heter dreiemotstand på norsk, eller variabel motstand, se <URL:https://www.fybikon.no/datalogging-vernier/tilbehor-vernier/dreiemotstand-ve... >. Merk, dette var en veldig dyr variant.
Nokre år sidan eg var aktiv i dette faget, så ting kan ha endra seg. Vi kalla det som oftast variabel motstand. Dette kunne spesifiserast dersom det var ein dreiemotstand (volumkontrollen på bilradioen) eller ein glidemotstand (volumkontroll på miksepult). Rheostat blei brukt om (trådvikkla) motstandar med stor elektrisk effekt, f. eks. for å styra lysa på eit teater.
Helsing Kolbjørn
Den 29.03.2021 14:17, skrev Kolbjørn Stuestøl:
Den 28.03.2021 16:27, skreiv Petter Reinholdtsen:
- Du kan trykkja på ein brytar for å opna eller lukka han, og du kan
endra reguleringsmotstanden i ein regulerbar motstand ved å dra glidebrytaren. "reguleringsmotstanden" kan forenkles til bare "motstanden"
Tror de heter dreiemotstand på norsk, eller variabel motstand, se <URL:https://www.fybikon.no/datalogging-vernier/tilbehor-vernier/dreiemotstand-ve...
.
Merk, dette var en veldig dyr variant.
Nokre år sidan eg var aktiv i dette faget, så ting kan ha endra seg. Vi kalla det som oftast variabel motstand. Dette kunne spesifiserast dersom det var ein dreiemotstand (volumkontrollen på bilradioen) eller ein glidemotstand (volumkontroll på miksepult). Rheostat blei brukt om (trådvikkla) motstandar med stor elektrisk effekt, f. eks. for å styra lysa på eit teater.
Helsing Kolbjørn
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
Hva er forskjellen på et potensiometer (potentiometer på engelsk) og disse dreiemotstandene? https://snl.no/potensiometer
Er potensiometere varianter som brukes i lavspente kretser?
Vh. Sigmund
Den 29.03.2021 14:33, skreiv Sigmund Hansen:

Litt for lenge sidan eg dreiv med (analog) elektronikk, ser eg. Ut frå mitt minne og ordbruk, er det ingen skilnad. Potensiometer var vel, etter det eg hugsar av barnelærdommen, eigentleg namnet på eit (laboratorie)måleinstrument (null-balansemåling), men eg var van med å bruke potensiometer for variabel motstand innan elektronikk. I denne samanhengen var ordet potensiometer åleine som oftast dreiemotstand. Elles heitte det skyvepotensiometer. Tok ikkje dette med sidan eg trudde det berre var eit fornorska engelsk ord, påverka av faglitteratur på engelsk. Min tabbe. Skulle ha sjekka skikkeleg før eg uttalte meg. Takk for at du minna meg på dette. Helsing Kolbjørn
Vh. Sigmund
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
Karl Ove Hufthammer skreiv 28.03.2021 14:30:
Eg har lagt ut ei nettside der de kan sjå originaltekstane og mi omsetting:
Og no er eg ferdig med eit utkast til omsetting av det *digitale* motstykket til denne «aktiviteten» i GCompris. Her er det snakk om logiske krinsar med blant anna OG- og ELLER-portar. Fint om nokon ta ein kikk på omsetting av dette òg:
https://huftis.org/kritikk/gcompris/digital_electricity.html
Tek imot tilbakemelding både på det faglege og det språklege. Send på e-post her til diskusjonslista eller direkte til meg.
Karl Ove Hufthammer skreiv 28.03.2021 14:30:
Eg har nettopp omsett ein modul om elektrisitet i leik-og-lær-spelet GCompris (https://gcompris.net/index-nn.html). Kort sagt er det ein pedagogisk aktivitet der ein lærer om elektrisitet ved å laga (virtuelle) elektrisk krinsar, ved for eksempel å kopla lyspærer til batteri.
No har det komme ei ny feilmelding i denne aktiviteten, eg har problem med å omsetja denne:
Warning! Circuit has a voltage source loop or a source shorted by a wire, please remove the wire causing the short.
Eg forstår ikkje heilt kva som er meint med «voltage source loop». Har nokon elektronikkyndige eit forslag? Førebels har eg:
Åtvaring! Krinsen har ei kortslutning. Fjern leidningen som fører til kortslutninga.
Det er forhåpentlegvis forståeleg, men det er vel noko som manglar?