-----BEGIN PGP SIGNED MESSAGE----- Hash: SHA1
Kolbjørn Stuestøl skreiv, den 01. jan. 2009 23:12:
Hei Det har ikkje blitt gjort så mykje med GIMP nå i jula som eg hadde rekna med. Litt fundering har det likevel blitt. I dei tidlegare omsetjingane mine har eg brukt «skjermdump» for «screenshot». I miljøet mit var ordet i bruk for denne funksjonen frå lenge før GIMP, og eg tenkte ikkje meire over det. For meg er ordet så naturleg og eintydig at eg gjerne kan halde fram med å bruke det. Men i Fellesordlista er set brukt «skjermbildekopi, kopi av skjermbildet». For meg minner «skjermbilde» mest om ein aktivitet på sjukehuset. Difor har eg i til GIMP v2.6 prøvd å omsetje med «Eit bilete av skjermen» i ulike variantar. Her er dei setningane eg fann i fila "gimp20-std-plug-ins.po" (ikkje i andre filer eg har kontroll med) med forslag til omsetjing:
_Screenshot... -> Knips eit bilete av _skjermen … Importing screenshot -> Importerer eit bilete av skjermen Screenshot -> Eit bilete av skjermen There was an error taking the screenshot. -> Det oppsto ein feil under knipsinga av skjermbiletet After the delay, the screenshot is taken. -> Biletet av skjermen blir knipsa etter pausen After the delay, drag your mouse to select the region for the screenshot. -> Etter pausen kan du markere området med musepeikaren Take a screenshot of a single _window -> Knips eit bilete av eit enkelt _vindauge Take a screenshot of the entire _screen -> Knips eit bilete av heile _skjermen Capture a window or desktop image -> Knips eit bilete av skrivebordet eller eit vindauge på det
Reknar med at å «knipse» bilde er nokså innarbeidd. Faren er om dette er negativt? Ein «knipsar» vs ein «fotograf». Eg er ikkje heilt nøgd med «Eit bilete av skjermen», men greier ikkje å finne på noe betre. Skulle gjerne hatt eitt enkelt ord. Noen forslag?
Fellesordlista seier «skjermbildekopi, kopi av skjermbildet». Eg har brukt «skjermbilete» for “screenshot” konsekvent i GNOME, men eg er ikkje framand for å endra det til «skjermbiletekopi» viss det er klarare.
Eg trur kanskje «skjermbiletekopi» er litt klarare, men stort sett kjem det godt fram av konteksten kva det er snakk om, og kortare ord er nesten alltid å foretrekka, så eg heller framleis mot «skjermbilete».
«Skjermdump» er mindre forståeleg for meg, men ein må uansett læra kva ordet betyr, så det er mindre vesentleg. Googlefight seier at «skjermbilde» er dobbelt så mykje brukt som «skjermdump» :)
Eg tek denne diskusjonen ut på i18n-no for å få synspunkt frå KDE/Debian-gjengen (eg ser ikkje verdien av å ha slike diskusjonar utanfor uansett).
Har forresten eit problem med oppdateringa frå dei nyaste pot-filene. Oppdateringa og automatomsetjinga går greitt, men når eg skal lagre resultatet nektar programmet å gjere det fordi fila inneheld ei mengde "Fatal errors". Opphavet til dette er at PoEdit oppfattar to like setningar plasserte på ulike plassar i fila som duplikat og altså feil. Løysinga var å setje inn noen mellomrom her og der i originalteksten. Eg kjenner ikkje til korleis GIMP finn fram i dei «norske» filene. Reknar med at det er ei eller anna form for peikarar, uavhengig av den engelske teksten, men for å vere på den sikre sida: Kan eg bruke po-filene likevel, sjølv om eg har gjort endringar i (den engelske) originalteksten? Dersom svaret er nei, står eg heilt fast sidan eg ikkje har kopiar av dei gamle originalfilene. Bruker PoEdit (Windows).
Det vil ikkje fungera, viss eg forstår Gettext rett. Det fungerer slik at Gettext lagar ein nøkkeltabell over originalstrengar og omsetjingar når programmet vert kompilert, og at programmet slår opp i denne når det køyrer. Så om originalstrengen ikkje er i tabellen, vil programmet visa originalstrengen uomsett.
Når det er sagt: Ei PO-fil skal aldri innehalda to like msgid-ar. Dersom to identiske strengar treng ulike omsetjingar må du be utviklarane om å leggja inn kontekstinformasjon slik at strengane vert ulike sett frå POEdit.
- -- Åsmund Skjæveland