I fellesordlista er substantivet «dock» oppført med omsetjinga «samlevindu». Men dette er ei omsetjing som omtrent ikkje er i bruk (eg fann nøyaktig eitt treff i omsetjingane eg har tilgang til, på bokmål), så det er ikkje problematisk å endra omsetjinga.
Ein «dock», av og til kalla «docker», er eit frittflytande panel (med ulike knappar og andre skjermelement) i brukarflata i eit program. Men eit viktig poeng er at panelet kan «setjast i dokk», dvs. festast til kanten av programvindauget eller til andre «dock(er)s».
I teikneprogrammet Krita, som er bygd opp på bruk av «dockers», har eg tidlegare omsett det med «dokk». Det er litt uheldig, blant anna fordi det er eit hokjønnsord, og vert vist som «Dokker» i menyen (kan misoppfattast til å vera ein referanse til leikedokker?). Det er òg vanskeleg å intuitivt fatta meininga bak (men det gjeld òg på engelsk). Og strengt tatt burde det vera der panelet vert *festa* (programkanten) som er «dokka», ikkje sjølve panelet.
Eit alternativ kunne vera «flytpanel». Men ofte er jo nettopp panela dokka til ei side; dei flyt ikkje. Og det er ein fordel om ordet «dokk» er med, då det er lettare å kopla det til det engelske orginalordet (når ein les engelsk dokumentasjon, ser videoar om programmet osv.).
Så mitt forslag er «dokkpanel». Det er relativt kort, det gjer det klart at det er snakk om eit «panel», det viser til at panelet kan dokkast/festast og det inneheld *ordet* «dokk», tilsvarande engelske det engelske «dock(er)».
Synspunkt?