Åsmund Skjæveland aasmunds@student.matnat.uio.no wrote in news:20020711200107.B7141@bzzzt.fix.no:
"Proxy Authentication Required"
burde, etter bokmålsordlista på i18n.skulelinux.no, bli noko slikt som «Treng godkjenning frå mellomtenar»
Eg ville kanskje brukt 'mellomtenar-autentisering', utan eg dermed vil hevda at det er so bra.
I same leia ligg "SOCKS Authentication Required". Er det «Treng godkjenning mot SOCKS»,
SOCKS-autentisering (-godkjenning).
Eg står også fast på frasen "Put server in System Tray", frå MS-Windows-delen av programmet. Kva heiter "systrem tray" på norsk?
Sist gong eg sjekka, hadde ikkje MS omsett det skikkelig. Trur dei brukte «oppgåvelinje», som jo er noko anna.
«Systemtrau»?
Korfor ikkje?
"Inventory space" (altså det personen har i lommene, slik som i gamle Sierra-spel) har eg omsett med «eignelutar». Eg er ikkje heilt trygg på denne heller.
For det første, «inventory» er/var eit grusomt dårlig ord som låt veldig rart når det vart introdusert. Det er berre med med tid folk har vendt seg til det. Eg vil heller brukt «eigedelar», men det er eit stilistisk spørsmål.
AI - Artificial Intelligence. Kunstig Intelligens?
Ja, men med liten 'i'. På Engelsk Brukar Ein Heile Tida Store Forbokstavar. Det Gjer Me Aldri På Norsk. Heller Ikkje I Titlar Og Forkortingar. Det heiter f.eks. 'Norsk språkråd' -- ikkje 'Norsk Språkråd'. Mållaget lar eg stå ukommentert.
"High score file" og "high score" har eg omsett med «poengfil» og «poenglista», men eg synest ikkje det er vidare bra.
«Poengtavle» eller «rangeringsliste».
"Single player mode" - «Einspelarmodus» er eg heller ikkje nøgd med.
Trur «Ein spelar» (og «To spelarar») er betre, viss det er snakk om eit menyval.
Heiter det «sambandet til tenaren» eller «sambandet med tenaren»?
Gjerne *berre* «sambandet». Å kutta ut unødvendig informasjon er ein god regel.
"Sending pending updates to the metaserver..."
Sender oppdateringar til metatener. (At dei var «pending» seier seg sjølv.)