Eg held på å omsetja dopewars (http://dopewars.sourceforge.net/). Eg har kome til dei meir tekniske uttrykka i programmet, og stussar særleg på det som har med proxy-innstillingar og godkjenning av brukarar å gjera. T.d. frasen:
"Proxy Authentication Required"
burde, etter bokmålsordlista på i18n.skulelinux.no, bli noko slikt som «Treng godkjenning frå mellomtenar» (eller mot? til? Eg er ikkje så stø i proxyar.) Men vil nokon skjøna det?
I same leia ligg "SOCKS Authentication Required". Er det «Treng godkjenning mot SOCKS», eller er SOCKS det eg får godkjenninga frå? (SOCKS er visst ein proxy-protokoll, såvidt eg kan sjå ut av samanhengen.)
Eg står også fast på frasen "Put server in System Tray", frå MS-Windows-delen av programmet. Kva heiter "systrem tray" på norsk? «Systemtrau»?
"Inventory space" (altså det personen har i lommene, slik som i gamle Sierra-spel) har eg omsett med «eignelutar». Eg er ikkje heilt trygg på denne heller.
AI - Artificial Intelligence. Kunstig Intelligens? Eg synest ikkje det virkar som heilt god nynorsk. Det er snakk om ein datastyrt spelar i spel på nettet.
"High score file" og "high score" har eg omsett med «poengfil» og «poenglista», men eg synest ikkje det er vidare bra.
"Single player mode" - «Einspelarmodus» er eg heller ikkje nøgd med.
Heiter det «sambandet til tenaren» eller «sambandet med tenaren»?
Andre eg ikkje veit:
"Unix domain socket" "Failed to set NT Service status" "Failed to post service notification message" "Sending pending updates to the metaserver..."
På førehand takk for hjelp.
Åsmund Skjæveland aasmunds@student.matnat.uio.no wrote in news:20020711200107.B7141@bzzzt.fix.no:
"Proxy Authentication Required"
burde, etter bokmålsordlista på i18n.skulelinux.no, bli noko slikt som «Treng godkjenning frå mellomtenar»
Eg ville kanskje brukt 'mellomtenar-autentisering', utan eg dermed vil hevda at det er so bra.
I same leia ligg "SOCKS Authentication Required". Er det «Treng godkjenning mot SOCKS»,
SOCKS-autentisering (-godkjenning).
Eg står også fast på frasen "Put server in System Tray", frå MS-Windows-delen av programmet. Kva heiter "systrem tray" på norsk?
Sist gong eg sjekka, hadde ikkje MS omsett det skikkelig. Trur dei brukte «oppgåvelinje», som jo er noko anna.
«Systemtrau»?
Korfor ikkje?
"Inventory space" (altså det personen har i lommene, slik som i gamle Sierra-spel) har eg omsett med «eignelutar». Eg er ikkje heilt trygg på denne heller.
For det første, «inventory» er/var eit grusomt dårlig ord som låt veldig rart når det vart introdusert. Det er berre med med tid folk har vendt seg til det. Eg vil heller brukt «eigedelar», men det er eit stilistisk spørsmål.
AI - Artificial Intelligence. Kunstig Intelligens?
Ja, men med liten 'i'. På Engelsk Brukar Ein Heile Tida Store Forbokstavar. Det Gjer Me Aldri På Norsk. Heller Ikkje I Titlar Og Forkortingar. Det heiter f.eks. 'Norsk språkråd' -- ikkje 'Norsk Språkråd'. Mållaget lar eg stå ukommentert.
"High score file" og "high score" har eg omsett med «poengfil» og «poenglista», men eg synest ikkje det er vidare bra.
«Poengtavle» eller «rangeringsliste».
"Single player mode" - «Einspelarmodus» er eg heller ikkje nøgd med.
Trur «Ein spelar» (og «To spelarar») er betre, viss det er snakk om eit menyval.
Heiter det «sambandet til tenaren» eller «sambandet med tenaren»?
Gjerne *berre* «sambandet». Å kutta ut unødvendig informasjon er ein god regel.
"Sending pending updates to the metaserver..."
Sender oppdateringar til metatener. (At dei var «pending» seier seg sjølv.)
* Åsmund Skjæveland aasmunds@student.matnat.uio.no [020711 20:11]:
Eg held på å omsetja dopewars (http://dopewars.sourceforge.net/). Eg har kome til dei meir tekniske uttrykka i programmet, og stussar særleg på det som har med proxy-innstillingar og godkjenning av brukarar å gjera. T.d. frasen:
"Proxy Authentication Required"
burde, etter bokmålsordlista på i18n.skulelinux.no, bli noko slikt som «Treng godkjenning frå mellomtenar» (eller mot? til? Eg er ikkje så stø i proxyar.) Men vil nokon skjøna det?
Det må være autentisering, ikke godkjenning. Godkjenning er noe man gir når man _autoriserer_.
Eivind

I så fall bør ordlista rettast opp.
Åsmund Skjæveland aasmunds@student.matnat.uio.no wrote in news:20020711200107.B7141@bzzzt.fix.no:
"Failed to set NT Service status"
Klarte ikkje å setta status for NT-teneste?
"Failed to post service notification message"
Veit du kva dette betyr? Er det ei melding klient sender til tenaren for å fortella at han er tilgjengelig?
"Failed to post service notification message"
Veit du kva dette betyr? Er det ei melding klient sender til tenaren for å fortella at han er tilgjengelig?
Det er ifølge forfattaren ei feilmelding når kommunikasjonen mellom sjølve programmet og NT Service-delen feilar. Det var visst svært usansynleg at denne dukkar opp i det heile, og forfattaren meinte at det var antakeleg ikkje verd bryet å finna ei god omsetjing.
Åsmund Skjæveland aasmunds@student.matnat.uio.no wrote in news:20020713142754.F7141@bzzzt.fix.no:
"Failed to post service notification message"
Veit du kva dette betyr? Er det ei melding klient sender til tenaren for å fortella at han er tilgjengelig?
Det er ifølge forfattaren ei feilmelding når kommunikasjonen mellom sjølve programmet og NT Service-delen feilar.
«Klarte ikkje å senda varslingsmelding til NT-teneste?»
Det var visst svært usansynleg at denne dukkar opp i det heile, og forfattaren meinte at det var antakeleg ikkje verd bryet å finna ei god omsetjing.
Kjenner til problemet.