Imre Eilertsen skreiv 22.02.2026 07:25:
Så enkelt som det, egentlig. Jeg har allerede gjort klart oversettelser i .po/.mo-format for de viktigste delene av KDE Connect sin skrivebordsversjon (Forhåpentligvis lagt med som vedlegg i denne meldingen), og lager i skrivende stund nå også en oversettelse for bl.a. Okular.
Takk for bidraget! Eg har no sendt inn filene.
Når det gjeld tilgang til å senda inn filer direkte, er me/KDE ganske strenge på det. Å få skrivetilgang til KDE-depota er eit veldig stort ansvar, då du får veldig brei skrivetilgang (og kan øydelegga mykje om du gjer feil). Førebels kan du senda omsetjingsfiler direkte til meg (ikkje til lista), så vil eg sjekka dei og senda dei inn om dei ser bra ut.
Men *viss* du held fram med å komma med omsetjingar av høg kvalitet (gjennom fleire månadar), er sikker på at du ønskjer å bidra med omsetjingar vidare etter det *og* har teknisk høg kompetanse, kan det vera aktuelt å gje deg ein konto hos KDE, slik at du då kan senda inn filene sjølv.
Etter det eg kan sjå, verkar omsetjinga grei. Men du bør uansett setja deg grundig inn dei språklege retningslinjene me har blitt einige om: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/retningslinjer.html
Bruk òg fellesordlista vår aktivt: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/nb/Fellesordl.eng-no.html
(Og meld gjerne inn forslag til forbetringar av lista. Ho har nok behov for revisjon.)
Andre ting:
I tekstane for «EMAIL OF TRANSLATORS» var det oppgitt ei syntaktisk ugyldig e-postadresse. Alle e-postadresser der *må* vera gyldige, men i tilfelle meininga bak var å ikkje oppgje e-postadressa di offentleg, har eg fjerna denne (pluss tilhøyrande «NAME OF TRANSLATORS») før innsending. Gje beskjed om det er i orden å ha den ekte e-postadressa di der. (Elles står det oppført ei e-postadresse for deg i «Last-Translator»-feltet i begge filene, men det var ei heilt anna adresse, ei gmail-adresse.)
Malfilene du har brukt for omsetjingsfilene, var feil. Dei var kanskje frå «trunk»? For norsk brukar me summit-malfilene (som er frå februar i år, mot november i fjor for filene dine). Dei er mykje greiare å forhalda seg til. Du hentar dei ned slik:
git clone https://invent.kde.org/localization/l10n-templates.git
Malfilene ligg då i mappa «summit/messages».
Men arbeidet er absolutt ikkje for gjeves. Eg har fletta omsetjingane med dei riktige malfilene. Dei fleste tekstane vart med over. Men det er 14 nye tekstar å omsetja og 18 uklare.
For å henta ned dei nyaste omsetjingsfilene kan du skriva:
mkdir trunk cd trunk svn checkout --depth=files svn://anonsvn.kde.org/home/kde/trunk/l10n-support cd l10n-support svn up nb nn # nb for bokmål og nn for nynorsk (bruk som jamføringsfiler)
Elles har me no to andre omsetjarar som sporadisk bidrar med KDE-omsetjing til bokmål (opp frå null for ikkje så lenge sidan!). Viss du vil bidra med vidare omsetjing bør vel de verta einige om å koordinera kven som skal ta kva filer. I første omgang held det at du melder frå her på denne lista, som du no har gjort om Okular (men hugs å bruka riktige omsetjingsfiler her). Om det vert mykje trafikk på lista, får me eventuelt prøva å finna ei anna løysing.