Så enkelt som det, egentlig. Jeg har allerede gjort klart oversettelser i .po/.mo-format for de viktigste delene av KDE Connect sin skrivebordsversjon (Forhåpentligvis lagt med som vedlegg i denne meldingen), og lager i skrivende stund nå også en oversettelse for bl.a. Okular.
Imre Eilertsen skreiv 22.02.2026 07:25:
Så enkelt som det, egentlig. Jeg har allerede gjort klart oversettelser i .po/.mo-format for de viktigste delene av KDE Connect sin skrivebordsversjon (Forhåpentligvis lagt med som vedlegg i denne meldingen), og lager i skrivende stund nå også en oversettelse for bl.a. Okular.
Takk for bidraget! Eg har no sendt inn filene.
Når det gjeld tilgang til å senda inn filer direkte, er me/KDE ganske strenge på det. Å få skrivetilgang til KDE-depota er eit veldig stort ansvar, då du får veldig brei skrivetilgang (og kan øydelegga mykje om du gjer feil). Førebels kan du senda omsetjingsfiler direkte til meg (ikkje til lista), så vil eg sjekka dei og senda dei inn om dei ser bra ut.
Men *viss* du held fram med å komma med omsetjingar av høg kvalitet (gjennom fleire månadar), er sikker på at du ønskjer å bidra med omsetjingar vidare etter det *og* har teknisk høg kompetanse, kan det vera aktuelt å gje deg ein konto hos KDE, slik at du då kan senda inn filene sjølv.
Etter det eg kan sjå, verkar omsetjinga grei. Men du bør uansett setja deg grundig inn dei språklege retningslinjene me har blitt einige om: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/retningslinjer.html
Bruk òg fellesordlista vår aktivt: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/nb/Fellesordl.eng-no.html
(Og meld gjerne inn forslag til forbetringar av lista. Ho har nok behov for revisjon.)
Andre ting:
I tekstane for «EMAIL OF TRANSLATORS» var det oppgitt ei syntaktisk ugyldig e-postadresse. Alle e-postadresser der *må* vera gyldige, men i tilfelle meininga bak var å ikkje oppgje e-postadressa di offentleg, har eg fjerna denne (pluss tilhøyrande «NAME OF TRANSLATORS») før innsending. Gje beskjed om det er i orden å ha den ekte e-postadressa di der. (Elles står det oppført ei e-postadresse for deg i «Last-Translator»-feltet i begge filene, men det var ei heilt anna adresse, ei gmail-adresse.)
Malfilene du har brukt for omsetjingsfilene, var feil. Dei var kanskje frå «trunk»? For norsk brukar me summit-malfilene (som er frå februar i år, mot november i fjor for filene dine). Dei er mykje greiare å forhalda seg til. Du hentar dei ned slik:
git clone https://invent.kde.org/localization/l10n-templates.git
Malfilene ligg då i mappa «summit/messages».
Men arbeidet er absolutt ikkje for gjeves. Eg har fletta omsetjingane med dei riktige malfilene. Dei fleste tekstane vart med over. Men det er 14 nye tekstar å omsetja og 18 uklare.
For å henta ned dei nyaste omsetjingsfilene kan du skriva:
mkdir trunk cd trunk svn checkout --depth=files svn://anonsvn.kde.org/home/kde/trunk/l10n-support cd l10n-support svn up nb nn # nb for bokmål og nn for nynorsk (bruk som jamføringsfiler)
Elles har me no to andre omsetjarar som sporadisk bidrar med KDE-omsetjing til bokmål (opp frå null for ikkje så lenge sidan!). Viss du vil bidra med vidare omsetjing bør vel de verta einige om å koordinera kven som skal ta kva filer. I første omgang held det at du melder frå her på denne lista, som du no har gjort om Okular (men hugs å bruka riktige omsetjingsfiler her). Om det vert mykje trafikk på lista, får me eventuelt prøva å finna ei anna løysing.
Det er ikke erfaring det skorter på for min del. for å si det sånn: Jeg har jobbet på bokmålsoversettelser for i overkant av 150 prosjekter over de siste 7 årene, inkludert VLC, Audacity, PaintNET, Voidtools Everything, Geekuninstaller, PeaZip, SMPlayer, og Bitwarden. Nærmer seg vel over 2 millioner nordmenn som har dratt nytte av minst én av mine oversettelser.
• /"Førebels kan du senda omsetjingsfiler direkte til meg (ikkje til lista), så vil eg sjekka dei og senda dei inn om dei ser bra ut."/
Det duger. Jeg tviler på om jeg kommer til å forplikte meg til superdupermye KDE-programoversettelser; mest for den håndfullen av KDE-programmer som jeg har bitt meg merke i som ganske ålreite under diverse Winget-tester (KDE Connect, Okular, Elisa, Kolf, kanskje LabPlot og Kasts?). Ender vel opp på omkring 8-10 programmer, og uten ambisjoner om å forplikte meg til å oversette alle nye versjoner av programmene.
Og det er definitivt stas med verifiserere (I dette tilfellet deg) som tar for seg verifiseringer innen noen timer. Det er ikke uvanlig at det kan drøye over et år i mange andre prosjekter.
• /"Gje beskjed om det er i orden å ha den ekte e-postadressa di der."/
Det er i orden å ha den der. Det har variert mellom diverse prosjekter jeg har vært med på om hvorvidt man var forventet å gjøre anti-spam-tiltak for e-postadresser (Tor Relay er blant "Ja"-eksemplene), men tydeligvis var det ikke tilfellet for KDE.
• /"Dei var kanskje frå «trunk»?"/
Jeg husker det slik at jeg kopierte .pot-filene direkte fra GitLab og inn i Poedit, i dette tilfellet fra https://invent.kde.org/localization/l10n-templates/-/raw/master/stable6/mess... . Jeg skal bite meg merke i den riktige kilden.
• /"Bruk òg fellesordlista vår aktivt"/
Jeg har i hvert fall fått tatt en titt på den nå mens jeg pusset opp en Okular-oversettelse jeg startet på i morges. Ting som "Zoom" → "Skaler" er uvant for meg, men burde gå veldig lett for meg å venne meg til.
• /"Og meld gjerne inn forslag til forbetringar av lista. Ho har nok behov for revisjon."/
Jeg kommer på én i farten: "rotér" (med É) som et alternativ for "rotate".
Utover dette har jeg nå i hvert fall forsøkt å oversette Okular også (skjønt ikke til 100%; hvis det er noe jeg har lært av oversetting, så er det at menyer og innstillinger bør gjøres først, og alt annet etterpå), forhåpentligvis som vedlegg i denne meldingen, og nå basert på summit-grenen på GitLab.
Imre Eilertsen skreiv 22.02.2026 14:58:
• /"Førebels kan du senda omsetjingsfiler direkte til meg (ikkje til lista), så vil eg sjekka dei og senda dei inn om dei ser bra ut."/
Det duger. Jeg tviler på om jeg kommer til å forplikte meg til superdupermye KDE-programoversettelser; mest for den håndfullen av KDE-programmer som jeg har bitt meg merke i som ganske ålreite under diverse Winget-tester (KDE Connect, Okular, Elisa, Kolf, kanskje LabPlot og Kasts?). Ender vel opp på omkring 8-10 programmer, og uten ambisjoner om å forplikte meg til å oversette alle nye versjoner av programmene.
Det er heilt i orden. Me er glade alle omsetjingsbidrag. :)
• /"Gje beskjed om det er i orden å ha den ekte e-postadressa di der."/
Det er i orden å ha den der. Det har variert mellom diverse prosjekter jeg har vært med på om hvorvidt man var forventet å gjøre anti-spam-tiltak for e-postadresser (Tor Relay er blant "Ja"-eksemplene), men tydeligvis var det ikke tilfellet for KDE.
OK. Eg har lagt inn adressa. (Eg endra ikkje adressa i sjølve filhovudet.)
Elles ser eg Poedit ikkje legg inn eller oppdaterer informasjon om omsetjar og årstal i filhovudet, slik (eg trur) dei fleste andre program gjer. Det er litt uheldig. Men ikkje noko stort problem (me får berre litt mangelfull historikk). Du kan ev. legga det inn manuelt sjølv (sjå https://github.com/vslavik/poedit/issues/600 for aktuell feilrapport for Poedit).
• /"Bruk òg fellesordlista vår aktivt"/
Jeg har i hvert fall fått tatt en titt på den nå mens jeg pusset opp en Okular-oversettelse jeg startet på i morges. Ting som "Zoom" → "Skaler" er uvant for meg, men burde gå veldig lett for meg å venne meg til.
Hm, «skaler» høyrest ikkje heilt riktig ut. For verbet brukar me vel helst «forstørr»/«forminsk» eller «vis større»/«vis mindre».
• /"Og meld gjerne inn forslag til forbetringar av lista. Ho har nok behov for revisjon."/
Jeg kommer på én i farten: "rotér" (med É) som et alternativ for "rotate".
Me har ein regel om å følgja offisiell norsk rettskriving i alle omsetjingane. På norsk bokmål (og nynorsk) er ikkje «rotér» ein lovleg stavemåte. Sjå Språkrådet om dette: https://sprakradet.no/spraksporsmal-og-svar/kvitter-og-signer/ Og avsnittet om imperativ i dei språklege retningslinjene våre: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/retningslinjer.html#imperativ
Utover dette har jeg nå i hvert fall forsøkt å oversette Okular også (skjønt ikke til 100%; hvis det er noe jeg har lært av oversetting, så er det at menyer og innstillinger bør gjøres først, og alt annet etterpå), forhåpentligvis som vedlegg i denne meldingen, og nå basert på summit-grenen på GitLab.
Takk for det (men neste gong send direkte til meg). Det er dessverre nokre problem med fila som gjer at eg ikkje kan senda ho inn. Fila er stor, så her er eit utdrag / nokre eksempel:
Du har fjerna all informasjon om tidlegare omsetjarar frå meldingshovudet + fjerna namna deira frå «Your names»-teksten.
Du har omsett «Portrait» til «Liggende». Det er feil. Skal vera «Stående» (slik det eksisterande omsetjingsforslaget sa).
Du har omsett «Landscape» til «Vannrett». Skal vera «Liggende» (slik det eksisterande omsetjingsforslaget sa). Sjå òg fellesordlista for orda «portrait» og «landscape»: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/nb/Fellesordl.eng-no.html#landscape
Du har heilt fjerna ganske mange eksisterande (korrekte) omsetjingar. Eks. (diff-vising):
msgid "Continuing search from bottom" -msgstr "Fortsetter søket fra bunnen" +msgstr ""
Du har òg *endra* nokre omsetjingar, slik at dei ikkje lenger er rette. Eksempel:
msgid "New paragraph" -msgstr "Nytt avsnitt" +msgstr "Ny paragraf"
msgid "Creator" -msgstr "Opphavsprogram" +msgstr "Skaper"
Denne siste er ikkje heilt lett å vera obs på, men «Creator» er her brukt i PDF-metadatasamanheng, og då viser det til programmet som har laga dokumentet (dvs. programmet brukt til å laga dokumentet), ikkje til ein person. (Og dette er overraskande nok *ikkje* nødvendigvis same programmet som har laga PDF-en, for det er «Producer». Viss ein for eksempel skriv eit dokument i MS Word og lagar PDF-en med ein «skriv ut til PDF»-drivar, vert «Creator» MS Word, «Producer» PDF-drivaren og «Author» personen som skreiv dokumentet. Veldig forvirrande språkbruk, som me av historiske grunnar må leva med.)
Men det *er* oppført i fellesordlista, så slik kan ein oppdaga problemet. Spesielt når det er litt overraskande omsetjingar bør ein dobbeltsjekka at ein gjer riktig viss ein endrar dei. (Men helst burde det jo vore ein omsetjarkommentar her frå før som forklarte alt.)
Det er fleire endringar du har gjort som ikkje er i samsvar med fellesordlista. Eksempel:
-#, fuzzy, kde-format -#| msgid "Show scroll&bars" +#, kde-format msgctxt "@option:check Config dialog, general page" msgid "Show scrollbars" -msgstr "Vis &rullefelt" +msgstr "Vis skrollelinjer"
Me brukar «rullefelt», ikkje «skrollelinjer». Sjå bildeordboka for kva ord me brukar for dei ulike elementa i brukarflater: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/nb/bildeordbok/bildeordbok.html
Og når det står eit omsetjingsforslag frå ein tidlegare tekst, er det ofte (men ikkje alltid) lurt å ta utgangspunkt i dette. Den teksten var jo anten brukt i førre versjon av same program eller i eit anna av programma me har omsett (me brukar automatisk grovomsetjing basert på omsetjingar på tvers av program for å legga til omsetjingsforslag for *nye* tekstar). Omsetjingsforslaget tyder altså på at ordet har vore omsett slik før, og ved å bruka det, sikrar me konsistens (innad og på tvers av program).
Elles er det nyttig å bruka eit omsetjingsprogram som har såkalla omsetjingsminne, altså som automatisk kan visa forslag henta frå andre program (gjerne med frekvensstatistikk). Men som ei «fattigmannsløysing» kan ein bruka denne nettsida, som viser kva ulike engelske tekstar har vore omsett til i bokmålsomsetjingane våre (av KDE-programma + nokre til): https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/nb/
Anna eksempel endring ikkje i samsvar med fellesordlista:
msgid "File Path" -msgstr "Filsti" +msgstr "Filbane"
I utgangspunktet er jo begge dei variantane «riktige», men me har valt å standardisera på å *ikkje* bruka bane («filbane» er markert med overstreking i fellesordlista).
Akkurat oppføringa for «path» i fellesordlista bør forresten kanskje reviderast? I nynorskomsetjinga brukar me «filadresse», og det er vel meir brukarvennleg?
Det er òg fleire endringar du har gjort som ikkje er i samsvar med dei språklege retningslinjene våre. Eksempel:
msgid "Do not show this message again" -msgstr "Ikke vis denne meldinga igjen" +msgstr "Ikke vis denne meldingen igjen"
På bokmål har me (dvs. bokmålsomsetjarane) blitt einige om å bruka forma «meldinga», jf. https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/retningslinjer.html#bokm%C3%A5l
Eg ser elles at du har komme med mange *gode* omsetjingar i fila òg. Men eg kan ikkje melda ho inn når ho har kvalitetetsfeila ovanfor. Fint om du kan gjera desse endringane og senda fila på nytt (denne gongen til meg, ikkje lista):
– Ordnar det slik at du *ikkje* fjernar informasjon om tidlegare omsetjarar (i filhovudet eller tekstar). – Ikkje fjernar eksisterande omsetjingar. – Ikkje endrar omsetjingar som *er* riktige. – Sørger for at ordval og formuleringar følgjer fellesordlista + dei språklege retningslinjene.
Og så vil det jo alltids vera ulike val ein (dvs. ulike omsetjarar) kan gjera ved omsetjing av enkelttekstar, både når det gjeld kva ord som skal brukast og setningsstruktur. Dette skal eg ikkje legga meg så mykje opp i, spesielt ikkje for bokmål (eg arbeider hovudsakleg med nynorsk). Det viktigaste er at omsetjingane er korrekte og lett forståelege for brukaren. Og over tid vil det forhåpentlegvis bli meir og meir konsistent.
Karl Ove Hufthammer skreiv 22.02.2026 16:28:
Jeg har i hvert fall fått tatt en titt på den nå mens jeg pusset opp en Okular-oversettelse jeg startet på i morges. Ting som "Zoom" → "Skaler" er uvant for meg, men burde gå veldig lett for meg å venne meg til.
Hm, «skaler» høyrest ikkje heilt riktig ut. For verbet brukar me vel helst «forstørr»/«forminsk» eller «vis større»/«vis mindre».
Eg har undersøkt dette litt meir. I juli 2002 vart fellesordlista gjennomgått, og det vart då pepeikt at «skalere», som då stod som omsetjing av «zoom», var feil:
Dette er feil. Zoom-funksjonen endrer bare utseendet, den *viser* større/ mindre. (I motsetning til det å virkelig gå inn å endre på størrelsen på selve bildet).
Den 29. juli melde eg derfor inn ei retting av denne oppføringa, saman med revisjon av mange andre:
https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/commit/f2908618c10546b99673cad652cf...
Me brukte ikkje UTF-8 då, så det er litt trøbbel med vising av æ, ø og å, men oppføringa for «zoom» vart altså endra frå
skalere, endre størrelse, zoom, (forminsking/forstørring), forstørr, zoom
til
forstørre, vis større/mindre
Loggmeldinga var:
- Fiksa litt på formatering (*ikkje* bruk tabulatorar) - Ny kontaktinformasjon - Oppdatert resten av orda
Dette var tydelegvis før vanleg praksis med at førstelinje i loggmeldinga skulle vera eit samandrag og resten av linjene utdjupande informasjon, så på GitLab ser det no litt rart ut. Og sjølvsagt burde desse tre endringane vore delte opp i tre separate innmeldingar. (Men det er mykje lettare med Git, som me no har, enn med CVS, som me då brukte.)
Men den 22. april 2005 vart oppføringa endra tilbake, til «skalere, vise større/mindre»:
https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/commit/a2c78a961886ac4aa8cc04a9cbc0...
Anar ikkje korfor, og han som melde inn endringa var jo ein av dei som cirka tre år tidlegare hadde påpeikt at «skalere» var feil.
Uansett har eg no tilbakestilt til det me vart einige om i juli 2002: https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/commit/642114e4628581b8828862a30add...
Det er forresten ikkje slik at «skalere» *alltid* er feil. Eg ser for eksempel i at eitt program er «Zoom factor:» (etterfølgt av ein prosentverdi) omsett til «Skalering:», og det fungerer jo veldig bra (mykje betre enn «Forstørringsfaktor:» eller noko liknande). Men «skalere» bør ikkje vera *standardomsetjinga* av «zoom».