Sundag 9. august 2009 skreiv Arnt Ove Gregersen:
Jeg har lagt merke til at en god del programmer i Skolelinux/DebianEdu ender opp med å bruke svensk eller lignende språk da det ikke finnes norske oversettelser (f.eks konsole).
Det stemmer ikkje at Konsole ikkje er omsett til norsk. Programmet har vore omsett til bokmål og nynorsk ganske komplett iallfall sidan 2002 (og muligens frå 1998 for bokmål og 1999 til nynorsk), etter det eg kan sjå.
(Me har tatt vare på alle versjonane av omsettingsfilene heilt tilbake til desse tidspunkta, med komplett oversikt over kven som har gjort endringar og kva desse endringane gjekk ut på.)
For øvrig ligg statistikken for nyaste versjon av KDE- og KDE-programma (i KDE 4.3, som kom for nokre dagar sidan) ute på http://l10n.kde.org/stats/gui/stable-kde4/team/nb/ (bokmål) og http://l10n.kde.org/stats/gui/stable-kde4/team/nb/ (nynorsk).
Som du ser, er Konsole (kdebase/konsole.po) 100 % omsett til begge målformene.
Jeg bruker Ubuntu på min hjemme-pc og her finnes disse programmene allerede oversatt, og språket er stort sett bra sett med mine (ikke språkelige) øyne.
Ubuntu og Kubuntu har store problem med omsettingane frå KDE. Eg har skrive litt om det her: http://groups.google.com/group/no.it.os.unix.linux.diverse/msg/ff9f005007622... (og veldig mange gongar blant anna her på lista).
I tillegg har eg nylig lært at dei har (hatt?) problem med at omsettingar av enkelte KDE-program ikkje vert med i det heile tatt.
Generelt pleier eg å anbefala folk å bruka kva som helst annan distribusjon enn ein basert på *buntu om ein ønskjer Linux og spesielt KDE på norsk.
I den sammenheng lurer jeg på om det er mulig å prøve å få til et samarbeid med Ubuntu Norge for å få til en utveksling av tekststrenger ?
For det første trur eg dette vert teknisk veldig vanskelig. For det andre er endringane av *buntu gjer av dei offisielle tekstane typisk verre enn verdilause. I enkelte tilfelle har dei faktisk gjort program nærast umulig å bruka. (Før var k3B på bokmål eit skrekkeksempel på dette, der nokre tekstar var endra til å meina det stikk motsette av det dei skulle, og for eksempel MB var omsett til MHz. Eg veit ikkje om akkurat dette er retta opp. Det finst mange andre eksempel.)
I KDE har me eit veldig godt system for omsetting og kvalitetssikring av omsettingane, grundige språklege retningslinjer og ein komplett endringslogg for alle oppdateringar. Det einaste me godt kunne hatt meir av, er omsettarar (og korrekturlesarar) til å jobba med filene. :-)