Verktøyet "cage" på norsk?
Takker for forslaga. Her i samandrag (noen er føreslått av fleire):
Noe med strekk eller bøy Trykk- og strekk-bur (Noe med) gitter Frihåndsforvrengning, frihåndstransform (Fri) deformering (Fri) formendring (Fri) forvrengning
I noen tilfelle med verktøy i tillegg.
Eg er ikkje blitt einig med meg sjølv kva som er best. Kanskje det siste. Altså (fri) formendring. Dette ut frå at dette ordet er nøytralt i høve til positive/negative assosiasjonar. Dessutan er det vel nettopp dette verktøyet gjer: endrar forma på eit objekt. Formendringa er fri i tydinga at du kan gjere kva du vil, eller kva som er mogleg innføre vektorbanen. Eg veit likevel ikkje om det er nødvendig å ta dette med i namnet. Som oftast er det enklast med bare eitt ord for verktøyet.
Forslag: Transformeringsverktøyet som i GIMP har fått namnet "*Cage*" blir på norsk omsett til «*Formendring*», eventuel med tilføyinga verktøy («Formendringsverktøyet») der dette er nødvendig/ønskjeleg. Dette vil også vere likt på bokmål og nynorsk, om det er noe argument.
Eg har ikkje fått tid til å prøve korleis dette tar seg ut i praksis i GIMP og i handboka.
Helsing Kolbjørn Stuestøl