For nokre dagar sidan kom det ein ny nynorsknormal:
http://www.sprakradet.no/nb-NO/Toppmeny/Aktuelt/nynorsknorm/
Dette medfører at me bør oppdatera dei språklige retningslinjene våre:
http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html
Om endringa i normalen: Skiljet mellom læreboknormalen og den fulle nynorsknormalen er oppheva. Dette medfører at det ikkje er noko som heiter klammeformer lenger, og at me i prinsippet har mange fleire former å velja mellom (nokre former har òg gått ut, men det ser ut til å ikkje vera former me har brukt). Likevel bør vera konsekvente både i og på tvers av program, så me bør bli einige om kva former me skal bruka.
Eg har tatt ein kjapt kikk på brosjyra om den nye rettskrivinga http://www.sprakradet.no/upload/Brosjyrer/Ny%20nynorskrettskriving.pdf og her er mine kommentarar:
Eg anbefaler at me *i regelen* brukar dei gamle læreboknormalformene når me har valet mellom to/fleire former. Me kan godt ha unntak, men dei bør dokumenterast i dei språklige retningslinjene, og det bør leggjast til reglar som fangar dei opp i språkvaskskriptet vårt. Elles:
Enkel/dobbel konsonant: Når me kan velja, vel me dobbel konsonant.
Valfri j: Me brukar konsekvent j (eks. «rekkje», «å setja»).
Fleirtalsformer hankjønn og hokjønn: Endelig har det blitt lov å vera konsekvent her. Eg foreslår at me har regelen -ar for hankjønnsord og -er for hokjønnsord. Denne regelen er veldig lett å hugsa, og ein slepp å pugga unntak (norrøne former). Før måtte me altså bøya «ein vegg» som «vegger» og «veggene» og «ei elv» som «elvar» og «elvane». No vert det «veggar» og «elver». (Strengt tatt kunne ein skriva «elver» før òg, men det var då eit hankjønnsord (!) som betydde «alv» (det overnaturlige vesenet), ikkje ein vasstraum.)
-nad-ord: Før hadde -nad-ord -er-endingar, eks. «søknader». Eg foreslår at me er konsekvent her òg, og brukar -ar-ending. Éin mindre unntaksregel å tenka på!
-skap-ord: Desse får no valfritt kjønn (han- eller inkje-). Eksempel er «medlemskap» og «meisterskap». Før hadde dei berre hankjønn («medlemskapen» og «meisterskapen»). Er usikker på kva me skal gjera her. Sjølv vil eg føretrekkja inkjekjønnsforma. Dette er òg i samsvar med forma me har brukt på «fellesskap». («fellesskap» kunne vera både hankjønn og inkjekjønn, men me valde inkjekjønnsforma.)
-de/-te i verb. Ved valfridom valde me -de-ending (eks. «overstyrde» ikkje «overstyrte»), men med nokre opplista unntak («fått», «slått», «gått» …). No viser det seg at at me «valde rett», for formene «fådd», «slådd», «gådd» og nokre til er faktisk tatt ut av normalen! :)
Ordet «eige». Før vart dette bøygd «eige – eig – ått – åtte». No er det lova å skriva «eigde» og «eigd». Eg foreslår at me gjer det.
Samsvarsbøying: Ein *kan* no bruka forenkla samsvarsbøying. Før: «han/ho er gløymd – det er gløymt – dei er gløymde». No: «han/ho/det/dei er gløymt». Eg foreslår at me held på full samsvarsbøying.
Men det er klart at forenkla samsvarsbøying er *svært* mykje enklare. Det gjer det òg lettare med upresise originaltekstar. Eksempel: Viss ein finn teksten «Read» på engelsk, må ein veta om det er eit verb eller eit adjektiv. Viss det er eit adjektiv, må ein veta kva objekt det står til. Viss det er ein e-post, vert det «Lesen», er det eit dokument, vert det «Lese», er det *fleire* e-postar eller dokument, vert det «Lesne». Med forenkla samsvarsbøying vil det bli «Lese» i alle tilfella.
For oversikt over full samsvarsbøying: http://web.archive.org/web/20021220062543/http://www.sprakrad.no/stat974.htm...
Men merk at forenkla samsvarsbøying berre vil kunna brukast for *svake* verb; for sterke verb (eller, meir presist, sterke perfektum partisipp) må me framleis ha full samsvarsbøying. Dette gjer at ei eventuell forenkling ikkje vert like forenklande. :/
Blanda bøying: Dette står ikkje i brosyjra, men i detaljdokumentet: https://www.sprakradet.no/nb-NO/Toppmeny/Aktuelt/nynorsknorm/Innstilling/ Me får no (endelig!) lov å bruka «blanda bøying». Dette medfører at me kan skriva «brukar» (presens) men «brukte» (preteritum/adjektiv) og «brukt» (perfektum/adjektiv). Til har me brukt «brukt(e)» i KDE-omsettingane men med eit skript som automatisk rettar det til «bruka» før det vert sendt inn til KDE, i påvente av denne endringa. I tillegg har me valt -er-forma av verbet «å klara» («klarer» – «klarte» – «har klart»), sjølv om me i regelen brukar -ar-former, sidan uttrykk som «Klara ikkje [utføra handling]» lett ville blitt så rare elles. No som me kan bruka blanda bøying foreslår eg at me går over til å konsekvent -ar-forma, men med blanda bøying for verba «bruka», «klara» og «spela» (andre?).
Kommentarar/synspunkt på noko av det? (Kommentarar både frå aktive omsettarar og andre er velkomne.)
Eg kan oppdatera dei språklige retningslinjene og språkvaskskriptet når me har fått diskutert dette.