Onsdag 16. juli 2008 skreiv Jakob Breivik Grimstveit:
IMHO (og eg jobber ikkje som omsetjar for tida) bør ein leggje seg på mest mogleg lik språkdrakt. Finnast same ordet på nynorsk og bokmål utan at det er ei klar sideform, ville eg brukt det.
Eg er veldig einig i dette *når det gjeld terminologi*. Det bør for eksempel ikkje heita «skinn» på bokmål og «drakt» på nynorsk (ifølgje fellesordlista brukar me for øvrig «tema» for alt som på engelsk kallast «themes»/«skins»).
Men når det ordformer, er eg slett ikkje einig. Me bør for eksempel ikkje skriva «mye» i staden for «mykje», berre fordi «mye» er eineform på bokmål. Tilsvarande omvendt (det einaste eksempel eg kom på, er at me ikkje skriv «mjølk» på bokmål, berre fordi det er eineform på nynorsk, men det var jo ikkje eit godt eksempel i IT-samanheng).