Kjetil Torgrim Homme kjetilho@linpro.no wrote in news:1religzn90.fsf@false.linpro.no:
*Ja*, eg er so ueinig som det er mulig å bli! (Dette er ein av mine kjepphestar.) ["charset"] skal *ikkje* omsetjast til 'teiknsett', då teiknsett er noko heilt anna. Sjå
Det er OK at du slåst med vindmøller, men du kan ikkje vente at andre skal gidde. "Teiknsett" er ein etablert term, og tyder det du meiner heiter "teiknkoding".
Kan du dokumentera dette? Eg kan dokumentera at 'character (en)coding' blir brukt for 'teiknkoding' på engelsk, og 'character set' brukt om teiknsett, jf. lenkjene eg sendte tidligare, lenkjer frå desse, samt <URL: http://www.w3.org/International/O-charset.html > og <URL: http://www.unicode.org/glossary/ >.
Det gir ikkje meining å bryte opp ord i enkeltdelar og bruke etymologi til å finne ut kva dei eigentleg _burde_ tyde.
Æh, det har eg då heller ikkje gjort.
For ordens skyld, det er ikkje feil å kalla f.eks. ISO-8859-1 eller ASCII for teiknsett, då dei er *både* teikndkodingar og teiknsett. Det er derimot feil å kalla ISO 10646-1 ei teiknkoding.
Elles merker eg meg at dei tre store nettlesarane IE, Opera og Mozilla brukar 'Koding' eller 'Teiknkoding' for 'Character (En)coding' på norsk.