Den 23.05.2017 17:43, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 23. mai 2017 15:47:
Black point compensation → kompensering for svartpunkt (fellesordlista) / svartpunktkompensering
«Svartpunktskompensering» (med fuge-s) er kanskje meir naturleg?
Etter å ha tenkt meg om er eg samd.
Fint. :)
Eg har no oppdatert fellesordlista med dette (og med «kompensering for svartpunkt» som alternativ). Har òg endra «fargeområde» til «fargerom» og lagt til nokre av dei andre fargetermane («colour depth» og «colour profile»).
Takkar for mykje god hjelp. Fint å få oppdatert fellesordlista, ho er til god hjelp i mange tilfelle, saman med retningslinjene dine.
16-bit integer →16-bit heiltal (8-, 16-, 32- og 64-bit 16-bit floating point → 16-bit desimaltal
«16-bits heiltal» og «16-bits flyttal» (merk «bits», ikkje «bit»).
I fellesordlista står det at "bit(s)" skal omsetjast til «bit (flertall: bit)». Difor.
Men genitiv «bits»? Som i «ein fire-siders A4-brosjyre»
Sjølvsagt. Så langt tenkte eg ikkje. Går vel litt for fort av og til. Takk så mykje. «16-"bitars" heiltal» i staden for «16-"bitar" heiltal» :-)
Nettopp. Merknaden i fellesordlista gjaldt fleirtalsforma for substantiv, der me brukar «bit», ikkje «bits», som mange skriv/seier, eller «bitar»/«biter», som Microsoft (dessverre) konsekvent brukar i sine omsettingar. Det er *lov* å bøya «bit» som anten «bit» eller «bitar» (men ikkje «bits»!) i fleirtal på norsk, men me har valt å standardisera på «bit». (Tilsvarande gjeld «byte», som kan bøyast «byte» eller «bytar» i fleirtal.)
Fin oppklaring. Eg brukar faktisk Windows, men har ikkje oppdaga «bitene» deira. Var forresten lite hjelp å få frå Microsoft då GIMP skulle tilpassast Windows. Men det er ei anna historie eg ikkje vil ta opp her. Kolbjørn