Eg har omsett hjelpsidene i GIMP 2.10 (ikkje frigjeven førebels) om "Color management".
"Color management" er å bruke ulike fargemodellar for dei ulike media eller program som eit bilete skal visast på/med. Ein fargeskjerm kan bruke éin fargemodell, men når biletet skal sendast til skrivaren må ein bruke ein annan modell sidan skrivaren lagar fargane på ein annan måte enn skjermen gjer det. Det kan også hende at ulike skjermar for eksempel krev ulike fargestyringar for å vise korekte fargar.
Problemet er at dette er eit fagområde eg ikkje kjenner noko som helst til. Difor hadde det vore ønskjeleg om det i dette forumet finst nokon som veit (litt) meir om dette enn eg gjer.
Eg har lagt ut den engelske versjonen av sidene på http://www.stuestoel.no/temp/GIMP/en/gimp-image-save-color-profile-to-file.h... og den norske versjonen på http://www.stuestoel.no/temp/GIMP/nn/gimp-image-save-color-profile-to-file.h.... Hjelp for GIMP finst ikkje på bokmål, men grensesnittet er delvis omsett både til bokmål og nynorsk. Dermed gjeld omsetjinga av faguttrykka begge målformene. Av ein eller annan grunn er dei originale engelske biletfilene i maskinen min byt ut med norske. Eg skal endre dette så snart eg får det til.
Den engelske versjonen er ikkje finpussa, men det er ikkje temaet mitt. Den norske versjonen er ikkje språkvaska og sikkert ful av språklege feil, men det er ikkje det viktigaste denne gongen.
Dersom ønskjeleg, kan eg legge ut ei liste over «problemorda» her i forumet.
Helsing Kolbjørn
Kolbjørn Stuestøl skreiv 21. mai 2017 21:00:
Dersom ønskjeleg, kan eg legge ut ei liste over «problemorda» her i forumet.
Ja, send gjerne inn ei oversikta over problemorda.
Den 21.05.2017 21:51, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 21. mai 2017 21:00:
Dersom ønskjeleg, kan eg legge ut ei liste over «problemorda» her i forumet.
Ja, send gjerne inn ei oversikta over problemorda.
Her er ei liste over forslaga mine. Er svært mottakeleg for hjelp her.
Color management → fargestyring (fellesordlista) / Fargebehandling/fargehandsaming Enable Color Management → Slå på fargestyring sRGB color space → sRGB-fargeområde (fellesordlista) / sRGB-fargemodell (Originalen brukar color space, color model og color profil meir eller mindre om kvarandre ser det ut til).
ICC color profile → ICC-fargeprofil a built-in GIMP profile → ein innebygd GIMP-profil / GIMP sin innebygde sRGB-profil
the image is at Perceptual gamma (sRGB) precision → biletet brukar perseptuell gammapresisjon (sRGB)
Linear light precision → lineær lyspresisjon
ICC profile's Red, Green, and Blue chromaticities → raud-, grøn- og blå-kromatiseringa i den opphavlege ICC-profilen
Black point compensation → kompensering for svartpunkt (fellesordlista) / svartpunktkompensering
16-bit integer →16-bit heiltal (8-, 16-, 32- og 64-bit 16-bit floating point → 16-bit desimaltal
image precision → biletpresisjon (8-,16-, 32- og 64-bit heiltal og desimaltal) bit depth → biletdjupn / fargedjupn (kor mange fargar som er tilgjengelege)
Engelsk original på http://www.stuestoel.no/temp/GIMP/en/gimp-image-save-color-profile-to-file.h... og det (førebels) norske forslaget på http://www.stuestoel.no/temp/GIMP/nn/gimp-image-save-color-profile-to-file.h....
[Kommentarar innimellom:]
Ja, send gjerne inn ei oversikta over problemorda.
Her er ei liste over forslaga mine. Er svært mottakeleg for hjelp her.
Color management → fargestyring (fellesordlista) / Fargebehandling/fargehandsaming
Fargestyring, ja. Det ser ut til å vera det mest brukte omgrepet på norsk.
Enable Color Management → Slå på fargestyring sRGB color space → sRGB-fargeområde (fellesordlista) / sRGB-fargemodell
Fargerom, ikkje fargeområde/-modell.
(Originalen brukar color space, color model og color profil meir eller mindre om kvarandre ser det ut til).
Det er ikkje sikkert. Du bør følgje originaltermane (fargerom, fargemodell og fargeprofil) med mindre du har grunn til å tru dei er brukte feil.
ICC color profile → ICC-fargeprofil
Ja.
a built-in GIMP profile → ein innebygd GIMP-profil / GIMP sin innebygde sRGB-profil
Ja (det første).
the image is at Perceptual gamma (sRGB) precision → biletet brukar perseptuell gammapresisjon (sRGB)
Nei. Det er ikkje snakk om ein type gammapresisjon, det er snakk om «perseptuell gamma». Eg foreslår «Perseptuell gamma (sRGB)». Kan godt kutta ut ordet «precision».
Linear light precision → lineær lyspresisjon
Eg foreslår «Lineært lys».
Sjå for øvrig http://ninedegreesbelow.com/photography/users-guide-to-high-bit-depth-gimp.h... for litt forklaring.
ICC profile's Red, Green, and Blue chromaticities → raud-, grøn- og blå-kromatiseringa i den opphavlege ICC-profilen
Usikker. Veit ikkje heilt kva som er meint. *Kanskje* kan du bruka «raud-, grøn- og blå-koordinatane til ICC-profilen»?
Black point compensation → kompensering for svartpunkt (fellesordlista) / svartpunktkompensering
«Svartpunktskompensering» (med fuge-s) er kanskje meir naturleg?
16-bit integer →16-bit heiltal (8-, 16-, 32- og 64-bit 16-bit floating point → 16-bit desimaltal
«16-bits heiltal» og «16-bits flyttal» (merk «bits», ikkje «bit»).
image precision → biletpresisjon (8-,16-, 32- og 64-bit heiltal og desimaltal)
OK.
bit depth → biletdjupn / fargedjupn (kor mange fargar som er tilgjengelege)
Eg ville valt «fargedjupn».
Takk for at du tok deg tid til dette. Som sagt tidlegare er dette eit fargområde eg kan svært lite om, så omsetjingane byggjer stort sett på løysingar eg har funne på nettet og i fellsesordlista. Kjem det ikkje inn motargument, brukar eg forslaga dine. Forfattaren av originalteksten skriv nokså omstendeleg, så det kan nok hende eg må skrive delar av teksten heilt om, ikkje berre setje om meir eller mindre direkte. Så eg må nok studere dette nøyare. Helsing Kolbjøen
Den 22.05.2017 20:19, skreiv Karl Ove Hufthammer:
[Kommentarar innimellom:]
Ja, send gjerne inn ei oversikta over problemorda.
Her er ei liste over forslaga mine. Er svært mottakeleg for hjelp her.
Color management → fargestyring (fellesordlista) / Fargebehandling/fargehandsaming
Fargestyring, ja. Det ser ut til å vera det mest brukte omgrepet på norsk.
Enable Color Management → Slå på fargestyring sRGB color space → sRGB-fargeområde (fellesordlista) / sRGB-fargemodell
Fargerom, ikkje fargeområde/-modell.
(Originalen brukar color space, color model og color profil meir eller mindre om kvarandre ser det ut til).
Det er ikkje sikkert. Du bør følgje originaltermane (fargerom, fargemodell og fargeprofil) med mindre du har grunn til å tru dei er brukte feil.
ICC color profile → ICC-fargeprofil
Ja.
a built-in GIMP profile → ein innebygd GIMP-profil / GIMP sin innebygde sRGB-profil
Ja (det første).
the image is at Perceptual gamma (sRGB) precision → biletet brukar perseptuell gammapresisjon (sRGB)
Nei. Det er ikkje snakk om ein type gammapresisjon, det er snakk om «perseptuell gamma». Eg foreslår «Perseptuell gamma (sRGB)». Kan godt kutta ut ordet «precision».
Linear light precision → lineær lyspresisjon
Eg foreslår «Lineært lys».
Sjå for øvrig http://ninedegreesbelow.com/photography/users-guide-to-high-bit-depth-gimp.h... for litt forklaring.
ICC profile's Red, Green, and Blue chromaticities → raud-, grøn- og blå-kromatiseringa i den opphavlege ICC-profilen
Usikker. Veit ikkje heilt kva som er meint. *Kanskje* kan du bruka «raud-, grøn- og blå-koordinatane til ICC-profilen»?
Black point compensation → kompensering for svartpunkt (fellesordlista) / svartpunktkompensering
«Svartpunktskompensering» (med fuge-s) er kanskje meir naturleg?
16-bit integer →16-bit heiltal (8-, 16-, 32- og 64-bit 16-bit floating point → 16-bit desimaltal
«16-bits heiltal» og «16-bits flyttal» (merk «bits», ikkje «bit»).
image precision → biletpresisjon (8-,16-, 32- og 64-bit heiltal og desimaltal)
OK.
bit depth → biletdjupn / fargedjupn (kor mange fargar som er tilgjengelege)
Eg ville valt «fargedjupn».
Den 22.05.2017 20:19, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Black point compensation → kompensering for svartpunkt (fellesordlista) / svartpunktkompensering
«Svartpunktskompensering» (med fuge-s) er kanskje meir naturleg?
Etter å ha tenkt meg om er eg samd.
16-bit integer →16-bit heiltal (8-, 16-, 32- og 64-bit 16-bit floating point → 16-bit desimaltal
«16-bits heiltal» og «16-bits flyttal» (merk «bits», ikkje «bit»).
I fellesordlista står det at "bit(s)" skal omsetjast til «bit (flertall: bit)». Difor.
Fint at du gjorde meg merksam på at "floating point" betre bør omsetjast med «flyttal» her. Helsing Kolbjørn
Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no čálii:
Den 22.05.2017 20:19, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Black point compensation → kompensering for svartpunkt (fellesordlista) / svartpunktkompensering
«Svartpunktskompensering» (med fuge-s) er kanskje meir naturleg?
Etter å ha tenkt meg om er eg samd.
16-bit integer →16-bit heiltal (8-, 16-, 32- og 64-bit 16-bit floating point → 16-bit desimaltal
«16-bits heiltal» og «16-bits flyttal» (merk «bits», ikkje «bit»).
I fellesordlista står det at "bit(s)" skal omsetjast til «bit (flertall: bit)». Difor.
Men genitiv «bits»? Som i «ein fire-siders A4-brosjyre»
Den 23.05.2017 12:27, skreiv Kevin Brubeck Unhammer:

Sjølvsagt. Så langt tenkte eg ikkje. Går vel litt for fort av og til. Takk så mykje. «16-"bitars" heiltal» i staden for «16-"bitar" heiltal» :-) Kolbjørn
E-postlista i18n-no i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
Kolbjørn Stuestøl skreiv 23. mai 2017 15:47:
Black point compensation → kompensering for svartpunkt (fellesordlista) / svartpunktkompensering
«Svartpunktskompensering» (med fuge-s) er kanskje meir naturleg?
Etter å ha tenkt meg om er eg samd.
Fint. :)
Eg har no oppdatert fellesordlista med dette (og med «kompensering for svartpunkt» som alternativ). Har òg endra «fargeområde» til «fargerom» og lagt til nokre av dei andre fargetermane («colour depth» og «colour profile»).
16-bit integer →16-bit heiltal (8-, 16-, 32- og 64-bit 16-bit floating point → 16-bit desimaltal
«16-bits heiltal» og «16-bits flyttal» (merk «bits», ikkje «bit»).
I fellesordlista står det at "bit(s)" skal omsetjast til «bit (flertall: bit)». Difor.
Men genitiv «bits»? Som i «ein fire-siders A4-brosjyre»
Sjølvsagt. Så langt tenkte eg ikkje. Går vel litt for fort av og til. Takk så mykje. «16-"bitars" heiltal» i staden for «16-"bitar" heiltal» :-)
Nettopp. Merknaden i fellesordlista gjaldt fleirtalsforma for substantiv, der me brukar «bit», ikkje «bits», som mange skriv/seier, eller «bitar»/«biter», som Microsoft (dessverre) konsekvent brukar i sine omsettingar. Det er *lov* å bøya «bit» som anten «bit» eller «bitar» (men ikkje «bits»!) i fleirtal på norsk, men me har valt å standardisera på «bit». (Tilsvarande gjeld «byte», som kan bøyast «byte» eller «bytar» i fleirtal.)
Kolbjørn Stuestøl skreiv 22. mai 2017 21:26:
Takk for at du tok deg tid til dette. Som sagt tidlegare er dette eit fargområde eg kan svært lite om, så omsetjingane byggjer stort sett på løysingar eg har funne på nettet og i fellsesordlista. Kjem det ikkje inn motargument, brukar eg forslaga dine.
Her er forresten ei veldig fin og kort norsk innføring i korleis fargestyring fungerer: http://adobe.rognemedia.no/?pg=article&id=176 Er kanskje til hjelp for å forstå konsepta.
Den 23.05.2017 17:43, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 23. mai 2017 15:47:
Black point compensation → kompensering for svartpunkt (fellesordlista) / svartpunktkompensering
«Svartpunktskompensering» (med fuge-s) er kanskje meir naturleg?
Etter å ha tenkt meg om er eg samd.
Fint. :)
Eg har no oppdatert fellesordlista med dette (og med «kompensering for svartpunkt» som alternativ). Har òg endra «fargeområde» til «fargerom» og lagt til nokre av dei andre fargetermane («colour depth» og «colour profile»).
Takkar for mykje god hjelp. Fint å få oppdatert fellesordlista, ho er til god hjelp i mange tilfelle, saman med retningslinjene dine.
16-bit integer →16-bit heiltal (8-, 16-, 32- og 64-bit 16-bit floating point → 16-bit desimaltal
«16-bits heiltal» og «16-bits flyttal» (merk «bits», ikkje «bit»).
I fellesordlista står det at "bit(s)" skal omsetjast til «bit (flertall: bit)». Difor.
Men genitiv «bits»? Som i «ein fire-siders A4-brosjyre»
Sjølvsagt. Så langt tenkte eg ikkje. Går vel litt for fort av og til. Takk så mykje. «16-"bitars" heiltal» i staden for «16-"bitar" heiltal» :-)
Nettopp. Merknaden i fellesordlista gjaldt fleirtalsforma for substantiv, der me brukar «bit», ikkje «bits», som mange skriv/seier, eller «bitar»/«biter», som Microsoft (dessverre) konsekvent brukar i sine omsettingar. Det er *lov* å bøya «bit» som anten «bit» eller «bitar» (men ikkje «bits»!) i fleirtal på norsk, men me har valt å standardisera på «bit». (Tilsvarande gjeld «byte», som kan bøyast «byte» eller «bytar» i fleirtal.)
Fin oppklaring. Eg brukar faktisk Windows, men har ikkje oppdaga «bitene» deira. Var forresten lite hjelp å få frå Microsoft då GIMP skulle tilpassast Windows. Men det er ei anna historie eg ikkje vil ta opp her. Kolbjørn
Den 23.05.2017 17:59, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 22. mai 2017 21:26:
Takk for at du tok deg tid til dette. Som sagt tidlegare er dette eit fargområde eg kan svært lite om, så omsetjingane byggjer stort sett på løysingar eg har funne på nettet og i fellsesordlista. Kjem det ikkje inn motargument, brukar eg forslaga dine.
Her er forresten ei veldig fin og kort norsk innføring i korleis fargestyring fungerer: http://adobe.rognemedia.no/?pg=article&id=176 Er kanskje til hjelp for å forstå konsepta.
Nå har eg lese artikkelen. Han var svært nyttig. Også fordi artikkelen klargjer mange av fagtermane eg har bruk for. Kolbjørn