Hei!
I dei fleste nokolunde avanserte teikneprogram kan ein velja korleis linjer skal teiknast. Når ei linje er tjukk, vert ho jo ein todimensjonal figur og ikkje berre ein «strek». Men kva skal me kalla dei ulike måtane å teikna opp linjer på på norsk?
Første aktuelle omgrep «(line) cap». Dette er enden av ei linje. Det er vanlegvis tre måtar endane kan teiknast på, «butt», «round» og «square». Sjå https://www.w3.org/TR/svg-strokes/#LineCaps for ein illustrasjon på kva dette tyder.
Først, kva skal me kalla «cap» eller «line cap» på norsk? I Inkscape på nynorsk (som eg omsette for mange år sidan, men ikkje vedlikeheld lenger) har eg kalla det «ende». I LibreOffice på nynorsk heiter det «linjeslutt». Om ein skal ha med «linje» eller ikkje avheng vel om kor godt det går fram av samanhengen kva det er snakk om, so hovudspørsmålet er: «ende» eller «slutt»? Eller noko anna?
«butt», «round» og «square» heiter «kort ende», «avrunda ende» og «firkanta ende» i Inkscape. I LibreOffice heiter dei «flat», «rund» og «kvadrat». Kva er best? Sjølv føretrekker eg iallfall «avrunda» framfor «rund», og synest «flat» er litt misvisande», då «square»-varianten òg er flat.
Det neste aktuelle omgrepet er «(line) join». Dette seier korleis hjørnet til to linjer som møtest skal teiknast. Illustrasjon på https://www.w3.org/TR/svg-strokes/#LineJoin og på http://help.adobe.com/en_US/FlashPlatform/reference/actionscript/3/images/li...
Først, kva skal «(line) join» heita? I Inkscape heiter det «hjørne» og i LibreOffice «hjørnestil» (går vel ut på det same).
Vanlegvis finst det tre hjørnetypar, men SVG-standarden spesifiserer fire, «miter» (eller «mitre»), «round», «bevel» og (den nye) «arcs». I Inkscape heiter desse «spist hjørne», «rundt hjørne» og «skrått hjørne». I LibreOffice heiter dei «spiss», «avrunda» og «avfasa». I fellesordlista vår (på bokmål) heiter nummer mitered «spiss» og beveled «gradet» (det står ingenting om «round»). Eg føretrekker spiss/spist for «miter(ed)», «skrått» for «bevel(ed)» og er litt usikker på «rundt» eller «avrunda». Synspunkt eller andre forslag? (I tillegg kan programmet ha støtte for stilen «none», som naturlegvis vert «ingen» på norsk. Eksempel: http://www.bluevoid.com/opengl/sig00/advanced00/notes/img445.gif)
Viss vinkelen der to linjer møtest er veldig spiss, kan «miter»-hjørnet verta *veldig* langt. Ein brukar derfor gjerne ei «miter limit» for å kutta hjørnene. Sjå https://www.w3.org/TR/svg-strokes/#StrokeMiterlimitProperty for forklaring og illustrasjon. Me treng derfor norske omsettingar av «miter limit» (og kanskje «miter clip»).
Som vanleg er det ein fordel om dei norske omgrepa er korte og lett forståelege. :)
Køyr debatt!