Øystein Steffensen-Alværvik skreiv 16.04.2022 13:34:
Som brukar av nynorsk KDE til dagleg synest eg at tilstanden til omsettinga framleis er svært god, takka vere Hufthammer sitt arbeid med dette over fleire år. Dei fleste synlege tekstar i skrivebordsmiljøet (og mange andre program) er omsette, sjølv om dei aller nyaste versjonane no har litt fleire ikkje-omsette tekstar enn tidlegare. Her er det berre å bidra om ein ønsker.
Ja, tilstanden til KDE (som no eigentleg heller bør kallast Plasma + program frå KDE) på nynorsk er rimeleg bra. Eg trur ikkje KDE var betre på nynorsk før.
Men omsetjinga er litt i vedlikehaldsmodus. Eg har trappa noko ned og vedlikeheld stort sett berre dei programma eg sjølv brukar + det viktigaste i Plasma. Men *mange* gamle program har òg ganske komplette omsetjingar, sidan det ikkje har vore særlege endringar i dei engelske tekstane dei siste åra. Her er ei oversikt over (nesten?) alle brukarprogramma (som ein vel kallar «appar» no):
Og her er litt historisk statistikk over aktiviteten på nynorskomsetjinga frå 1999 til i dag:
https://huftis.org/kritikk/translation-statistics-nn.png
Talet i kvar boks viser til kor mange ulike *omsetjingsfiler* som, ifølgje filhovudet i filene, vart redigerte av den aktuelle personen det aktuelle året. Mange feilkjelder som gjer at tala bør tolkast med varsemd, men tala gjev ein god peikepinn på aktivitetsnivået.
Her er tilsvarande statistikk for bokmål:
https://huftis.org/kritikk/translation-statistics-nb.png
KDE på bokmål ligg altså mykje dårlegare an enn nynorsk. Med unntak av nokre få, spreidde bidrag dei siste åra, har det ikkje vore noko omsetjingsaktivitet på bokmål sidan 2015, då Bjørn Steensrud var aktiv.
Men, som Øystein skriv, er det berre å bidra i omsetjingsarbeidet om ein ønskjer, anten på nynorsk eller bokmål.