Petter Reinholdtsen skreiv 28.09.2022 09:02:
Begrepet 'hotplug' betyr her å bytte ut maskinvare mens maskinen kjører. Tenk USB-minnepinner, men forsåvidt også disker, CPU-er, strømforsyninger og minne på maskiner som støtter dette. Hva er et et godt norsk ord for dette.
Microsoft brukar «direkte tilkobling». Er vel brukbart, sjølv om det i teorien kan tolkast veldig vidt. («Hotplug» på engelsk er òg langt frå transparent!)
Eg ville nok heller samskriva det, altså som «direktetilkobling» («direktetilkopling» på nynorsk). Då kan det òg brukast som eit adjektiv – «direktetilkoblbar»/«direktetilkoplbar». Men kanskje konsonantopphopinga ser litt rar ut?
Elles er det i nynorskomsetjingane våre stort sett blitt ståande uomsett, eks. «hotpluggable» → «hotplug-kompatibel». På bokmål er det brukt litt forskjellig, eks. «Hotpluggable» → «Kan kobles til påslått», «On Hotplug» → «Ved hotplugging» og «PCI hotplug controller» → «PCI-varmstartkontroller».
I lengre tekstar er det vel greiast å skriva om, for eksempel til «kan koplast til mens maskina står på».