Eg ser bokmål ikkje har starta på omsetting av vêrtekstane i kdebase/plasma_engine_weather enno. Eg har nylig brukt mykje tid og krefter på desse mange og grusomme tekstane, so eg vil anbefala dykk å kopiera nynorskfila, og so omsette denne til bokmål.
Dette gjeld spesielt viss de ikkje er *heilt* sikre på for eksempel kva som er forskjellen på hagl, sprøhagl og iskorn, eller på om det heiter «sterk sandfokk» eller «tett sandfokk». Her er eit eksempel på ein typisk vêrtekst:
Heavy Thunderstorm Rain Small Hail/Snow Pellets
(Kraftig torevêr med regn og sprøhagl)
Det er 749 slike tekstar … :)