må. den 23. 05. 2022 klokka 19.01 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Har nokon meining om kva me kan kalla ein «loop device» på norsk? Det vert brukt i samanheng med montering av filer som om dei var fysiske diskar (med eit filsystem). Sjå https://en.wikipedia.org/wiki/Loop_device for nærare forklaring. Eit eksempel (på slike filer) er ISO-bilete (https://no.wikipedia.org/wiki/ISO-bilde), som er filer som inneheld ein kopi av innhaldet på ein CD-rom.
Etter det eg forstår, er ein «loop device» *ikkje* sjølve fila på filsystemet. Det er ei «eining» som vera knytt til ei slik fil.
Eksempel på tekstar eg skal setja om, er «Manage loop devices» og «Authentication is required to set up a loop device».
Meiningar eller forslag til kva me skal kalla dette på norsk (eller kva det *vert* kalla)? Det er jo eit ganske tekniske omgrep, så til nød kan eg bruka «loop-eining». Men eg hadde føretrekt noko meir norsk.
eg seier "bilet(fil)montering". no kan du som du påpeiker lage eit "loop device" utan å montere det etterpå, men det er det i praksis ingen som gjer. skal du skrive til det, må du skrive direkte til biletfila, ikkje til "loop device".
dei konkrete tekstene dine vert då:
"Handtere biletfilmonteringar"
"Tilgangskontroll(?) er naudsynt for å montere biletfiler"
(her er det vel ikkje eigentleg tilgangskontroll som er naudsynt, men derimot administrator-privilegiar.)