On Sat, 2021-03-13 at 18:56 +0100, Kolbjørn Stuestøl wrote:
Eg omset LibreOffice til nynorsk.
Eit par tilfelle eg ikkje finn ut av. Veit ikkje kvar dei blir brukte i programmet anna enn at det er i brukargrensesnittet. Finn dei ikkje omtalte hjelpsidene.
Det eine er "Char Escapement" med variantane "Char Auto Escapement" og "Char Escapement Height".
frå XmbTextEscapement(3):
"The escapement is the distance in pixels in the primary draw direction from the drawing origin to the origin of the next character to be drawn, assuming that the rendering of the next character is not dependent on the supplied string. Regardless of the character rendering order, the escapement is always positive."
"escapement" er namnet på mekanismen i eit urverk, som dreg fram visaren i faste steg. poenget her er nok kor mange pikslar det skal vere mellom bokstavane, som er noko anna enn breidda på bokstavane.
men - så finn eg dokumentasjon frå Microsoft - der er "escapement" vinkelen skrifta skal skivast i! 0 for vanleg, 900 for rett opp, 1800 for oppned osv.
trur vi kan ignorerere bruken frå Microsoft her.
I dei for meg forståelege språka er dei omsette slik: Dansk: «Tegn Hæmning», «Tegn Autospatiering», «Tegn Hæmningshøjde» Tysk: «Zeichen: HemmungZeichen: Hemmung», «Zeichen: Automatische Hemmung», «Zeichen: Hemmungshöhe». Svensk: (Ikkje omsett). Bokmål: (Ikkje omsett), «Char Auto Frislipp», (Ikkje omsett).
relevante termar her er kanskje "kniping" (eg er ikkje stø nok i typografi til å vite om det stemmer) eller "automatisk teiknavstand".
Det andre er "Char Interoperability Grab Bag", "Para Interop Grab Bag", "Style Interop Grab Bag". Dansk: «Tegn interoperabilitet lykkepose», «Afsnit interoperabilitet lykkepose», «Typografi interoperabilitet lykkepose». Tysk: «Zeichen: Interoperabilitäts-Wundertüte», «Absatz: Interoperabilitäts-Wundertüte», «Vorlage: Interoperabilitäts-Wundertüte». Svensk: (Ikkje omsett). Bokmål: (Ikkje omsett).
Håper ein eller annan kan forklare kva dette er og kva omgrepa eventuelt heiter på norsk. Reknar med at dei har noko med utforminga (layouten) å gjera.
eg fann desse lysarka: https://speakerdeck.com/vmiklos/interopgrabbag-in-libreoffice-writer
for det fyrste, "Char" handlar nok om (stil-)eigenskapar på enkeltteiknnivå, "Para" på avsnittsnivå, og "Style" i ein definert stil.
InterOp Grab-Bag er eigenskapar frå Word (el.l.) som LibreOffice ikkje forstår, og derfor berre lagrar unna slik at dei ikkje forsvinn når du lagrar dokumentet og sender det tilbake.
"framande eigenskapar", kanskje? "lykkepose" verkar heilt noldus på meg, men eit liknande norsk ord som kan brukast om ønskjeleg er "samlesekk". trur eigentleg ikkje det hjelper på forståelsen, for det at det er implementert som ein "samlesekk" er ikkje relevant for brukaren.