Den 14.11.07 skrev Kjetil Torgrim Homme kjetilho@ifi.uio.no følgende:
ok, det du og Axel seier stemmer forsåvidt med det eg mistenkte, at ordet "HotSync" kun vert brukt i samanheng med Palm. etter mitt syn har vi då to val:
a) behandle HotSync som eit varemerke og ikkje omsetje det b) kalle det "synkronisering", for det er ikkje noko veldig spesielt med måten Palm gjer synkronisering på. dei har ein eigen knapp på "docking cradle" som kan brukast for å initiere synkronisering.
Einig. HotSync er berre eit merkenamn på heilt vanleg synkronisering av Palm-PDA-ar.
vi burde forresten hatt "docking station" i Fellesordlista, berre for at det ikkje skal vere tvil om at dei "dock"-relaterte orda ikkje kan overførast til denne samanhengen. mitt framlegg er "ladestasjon". "docking cradle" er berre ein liten "docking station", eg trur ikkje vi treng å skilje dei frå kvarandre.
Min gamle PDA (Handspring Visor) har ein sånnein dings, men han kan ikkje brukast til å lada batteriet med. Det er vel heller aldri det einaste føremålet med ein «docking station»?
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes