Eg held på å omsetja dopewars (http://dopewars.sourceforge.net/). Eg har kome til dei meir tekniske uttrykka i programmet, og stussar særleg på det som har med proxy-innstillingar og godkjenning av brukarar å gjera. T.d. frasen:
"Proxy Authentication Required"
burde, etter bokmålsordlista på i18n.skulelinux.no, bli noko slikt som «Treng godkjenning frå mellomtenar» (eller mot? til? Eg er ikkje så stø i proxyar.) Men vil nokon skjøna det?
I same leia ligg "SOCKS Authentication Required". Er det «Treng godkjenning mot SOCKS», eller er SOCKS det eg får godkjenninga frå? (SOCKS er visst ein proxy-protokoll, såvidt eg kan sjå ut av samanhengen.)
Eg står også fast på frasen "Put server in System Tray", frå MS-Windows-delen av programmet. Kva heiter "systrem tray" på norsk? «Systemtrau»?
"Inventory space" (altså det personen har i lommene, slik som i gamle Sierra-spel) har eg omsett med «eignelutar». Eg er ikkje heilt trygg på denne heller.
AI - Artificial Intelligence. Kunstig Intelligens? Eg synest ikkje det virkar som heilt god nynorsk. Det er snakk om ein datastyrt spelar i spel på nettet.
"High score file" og "high score" har eg omsett med «poengfil» og «poenglista», men eg synest ikkje det er vidare bra.
"Single player mode" - «Einspelarmodus» er eg heller ikkje nøgd med.
Heiter det «sambandet til tenaren» eller «sambandet med tenaren»?
Andre eg ikkje veit:
"Unix domain socket" "Failed to set NT Service status" "Failed to post service notification message" "Sending pending updates to the metaserver..."
På førehand takk for hjelp.