Kjetil Torgrim Homme skreiv:
On Mon, 2009-01-26 at 18:39 +0100, Odin Omdal Hørthe wrote:
Eg hev sagt «skjermdump» so lengje eg kann hugsa.
Dessutan vinn «skjermdump» hjå Google for meg; skjermdump: 291 000 skjermbilde: 217 000
Ikkje med stort mykje, men det ser ganske innarbeidd ut. Dessutan vert skjermbilte brukt av ting som ikkje er ein skjermdump òg. So «skjermdump» er òg meir presist. «Skjermskót» elder «skjermskudd» hev eg sjeldan sett.
Virkar likevel som um konsensus her er rundt skjermbilde, litt synd sidan eg hev vorte so glad i «skjermdump»-ordet. :)
eg har også alltid sagt "skjermdump", men "dump" i den tydinga har ikkje noko grunnlag i norsk, det er ein rein anglisisme.
Som tidlegare nemnd, har eg også brukt «skjermdump» i alle år utan problem og kunne gjerne ha halde fram med det. Har då sett føre meg at eg dumpa skjermen på oppslagstavla. Noe tilsvarande når vi dumpa poteter i kjellaren. (Diverre fekk vi ikkje kopiar av dei). Kanskje det er oss sørlendingane som er for amerikaniserte? Som gutunge la eg alltid varene i trunken (bagasjerommet) på bilen og putta boka på bordet eller veden i omnen. Men det er ein annan diskusjon i eit anna forum. Helsing Kolbjørn Stuestøl