må. den 11. 04. 2011 klokka 21.57 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Måndag 11. april 2011 skreiv Åsmund Skjæveland:
I PO-filene til gettext-runtime og gettext-tools står det "Content-Type: text/plain; charset=ISO-8859-1\n" i filhovudet, men filene er koda i UTF-8. Dermed blir norske vokalar og hermeteikn lite vakre. Eg har sendt inn retta fil til Launchpad/Ubuntu, men eg kan ikkje utan vidare retta det i TP.
Det er Eirik U. Birkeland som sist har arbeida med desse filene. Sender kopi av denne e-posten til han.
Det er for øvrig litt dumt at du har endra fila i Launchpad. Det medfører at alle framtidige forbetringar i den offisielle omsettinga ikkje vil verta tilgjengelig for *buntu-brukarar. Dei omsettingane som no er der vil altso vera fråkopla den offisielle omsettinga for all framtid.
Launchpad endra desse reglane i 2008, så oppstraumsomsetjingar skulle få meir prioritet. Så lenge omsetjingar som er retta i blir sende oppstraums, vil Launchpad fortsetje å synkronisere frå oppstraumen, som Åsmund skreiv før her.
https://wiki.ubuntu.com/Translations/KnowledgeBase/TranslationsPrecedence
ty. den 12. 04. 2011 klokka 10.03 (+0200) skreiv Erlend Hamberg: [...]
Dersom de blir like? Så hvis én feil legges inn i en
Ubuntu-oversettelse
så vil denne fortsatt være der selv om oppstrømsoversettelsen er
riktig
og nyere?
Ja, viss det er snakk om ei endring av ei importert omsetjing, vil LP overstyre denne oppstraumsomsetjinga. Slike endringar skal ha ein god grunn for å finne stad.