Den 1. jun. 2007 kl. 20.20 skrev lars nygaard:
Gaute Hvoslef Kvalnes wrote:
Det er ikkje fullt så lett å innskrenka dekninga til desse reglane. Visse ord ser ut til å krevja -e-, eller -s-, eller ingenting:
«slott» tek *alltid* -s-: slottsball, slottshage, slottseigar, slottsferie
Det nesten likelydande ordet «flått» kan derimot *ikkje* ta -s-: flåttbitt, flåttinfeksjon, flåttangrep
«fisk» tek *alltid* -e-: fisketur, fiskegarn, fiskeslo, fiskebåt
Går det an å forutsjå slikt, eller er det informasjon som må leggjast til kvart enkelt ord?
Det finnes regler (av typen "arveord på en stavelse som slutter på konsonant, tar fuge-e),
"trikk" er eit slikt arveord - trikketur ;)
men de er så fulle av unntak at konklusjonen er at det må legges til hvert enkelt ord for å få høy kvalitet på sammensetningsmodulen. Jeg anbefaler å lese artikkelen "bindebokstaver" i boka Språkvett (Dag Gundersen, red; Kunnskapsforlaget). Det viktigste er:
- de fleste ord har alltid s, alltid e, eller alltid ingenting
- for en del ord varierer det avhengig av etterledd
- noen ganger er det valgfritt (og noen få ganger gir fuge-
bokstaver betydning: "sjefsekretær" vs. "sjefssekretær").
- noen etterledd er spesielle ("løshet", "grad", "unge" etc.)
- bindebokstaver oppfører seg annerledes i ord med tre eller flere
segmenter, for å markere strukturen i ordet ("slagverk", vs. "oppslagsverk").
dømet over med "trikk" fylgjer akkurat dette mønsteret - om du kombinerer "bytrikk" og "trikketur", er resultatet ulikt avhengig av om du meiner trikketur til byen ("bytrikketur") eller ein tur med bytrikken ("bytrikktur").
I tillegg finst det ein viss variasjon mellom ulike dialektar.
Dette er nemnt for å visa tre ting:
- det finst ein eigen grammatikk for samansetjingar i norsk (det er den einaste måten ein kan forklara korleis eit nyord som "trikk" oppfører seg) - det er mykje upløygd mark her - sjølv dei mest lærde er nærmast i det blå (jf vedtaket til Språkrådet for ca 10 år sidan, då dei prøvde å "vedta"/normera samansetjingar med bok-) - ein god stavekontroll (og dette er "enkelt" å måla: ein som korrekt fangar opp korrekt samansette ord utan å markera dei som feilskrivne, og avviser, dvs varslar som feilskrivingar, samansette ord som er feil samansette - dei fleste med norsk som morsmål (og ev ei stød kjensle for samansetjingar) veit automatisk kva som er rett og feil) må ta omsyn til samansetjingar, og kompleksiteten i dei
Og akkurat når det gjeld samansetjingar ligg stavekontrollen i MS Word milevis føre alt som heiter open source stavekontroll for norsk - eg veit, eg var med på å laga han;) (og berre så det er sagt: eg er smerteleg klar over alle manglane i han òg)
Sjur