Thomas Gramstad skreiv 26.07.2024 20:37:
To feil i engelsken:
deamon --> daemon promt --> prompt
Og begge orda står i fellesordlista frå før (då stava rett).
(det er forresten mange som bruker prompt som norsk ord også, og det passer inn mht uttale, så det bør nok stå som et av de norske alternativene også)
Det er eg ikkje einig i. Det er eit veldig unorsk ord (mens «prompt» er eit daglegdags ord på engelsk *utanfor* dataverda).
Den gjeldande oppføringa i fellesordlista er:
prompt: ledetekst, kommandolinje
Det er i utgangspunktet greitt når ordet vert brukt som forkorting for «command prompt». Men i det siste har jo ordet òg dukka opp i KI-samanheng, eks. for tenester som ChatGPT. Her har eg sett fleire forsøk på omsetjingar. Eg har sett «leietekst» (dvs. «ledetekst» på bokmål), og det fungerer for så vidt greitt. Men det som ser ut til å ha fest seg best, er «instruksjon». Føreslår derfor at me legg inn det, slik at oppføring no vert:
prompt: ledetekst, kommandolinje, instruksjon [KI-samanheng]