Karl Ove Hufthammer skreiv 29.04.2019 21:41:
Eg arbeider for tida med å omsetta eit teikne-/måleprogram. Der dukkar utrykka «trap» og «choke» opp. Er det nokon som veit kva dette vert kalla på norsk? Her er ei god forklaring på kva det er snakk om: https://helpx.adobe.com/illustrator/using/trapping.html
Ei lita korrigering: Det er faktisk orda «spread» og «choke», som begge er former for «trapping», eg treng omsetting av. Ordet «trap(ping)» inngår ikkje i programmet (men det hadde jo vore fint å hatt den norske termen for dette òg).