Hei!
Eg arbeider for tida med å omsetta eit teikne-/måleprogram. Der dukkar utrykka «trap» og «choke» opp. Er det nokon som veit kva dette vert kalla på norsk? Her er ei god forklaring på kva det er snakk om: https://helpx.adobe.com/illustrator/using/trapping.html
Hjelpefilene for Adobe Photoshop ligg forresten ute på nettet på norsk (bokmål), og eg har funne mykje fin terminologi slik, men hjelpefilene til Illustrator, som er lenkja til ovanfor, ser dessverre berre ut til å finnast på engelsk (iallfall på nettet).
Karl Ove Hufthammer skreiv 29.04.2019 21:41:
Eg arbeider for tida med å omsetta eit teikne-/måleprogram. Der dukkar utrykka «trap» og «choke» opp. Er det nokon som veit kva dette vert kalla på norsk? Her er ei god forklaring på kva det er snakk om: https://helpx.adobe.com/illustrator/using/trapping.html
Ei lita korrigering: Det er faktisk orda «spread» og «choke», som begge er former for «trapping», eg treng omsetting av. Ordet «trap(ping)» inngår ikkje i programmet (men det hadde jo vore fint å hatt den norske termen for dette òg).