On 5 Nov 01, at 14:36, Karl Ove Hufthammer wrote:
Det finst nokre ord ein skriva på forskjellige former. Det er ein fordel om alle omsetjarane er einige om kva form me skal bruka:
t- eller d-endingar? Eks. øydelagt eller øydelagd, ukjent eller ukjend
Dette har med samsvarsbøying å gjere. Held ein seg til læreboknornmalen, må ein bruke full samsvarsbøying. Systemet er forklart i nynorske ordlister, t.d. Helleviks ordliste, som Samlaget gjev ut. Språkrådet arbeider med eit interaktivt kurs i nynorsk, særleg mynta på elevar i vidaregåande skule som har nynorsk som sidemål. Førebels manuskriptet om full samsvarsbøying har eg lagt ut her:
http://www.sprakrad.no/samsvar.htm
bilete eller bilde?
"Bilde" er sideform.
ljos eller lys?
"Lys" er langt vanlegare enn "ljos". Nynorsk frekvensordbok (som rett nok byggjer på materiale frå 1978-84, og eit materiale som berre omfatta 1 mill. ord) har 150 førekomstar av substantivet "lys", 24 av "ljos".
verktøy eller verkty?
Her har det litt mindre å seie kva ein vel. "Verkty" er eldre enn "verktøy", som lenge var sideform, men ikkje er det lenger. "Verktøy" er bokmålsnært. Sjølv brukar eg "verkty", utan at det har noko særleg med saka å gjere.
line eller linje?
Også her hat det mindre å seie kva ein vel. Eg reknar "line" som ei meir tradisjonell form enn "linje". Men eg ser at Nynorsk frekvensordbok har 155 førekomstar av "line" og berre 23 av "linje". Sjølv brukar eg "linje", utan at det har noko særleg med saka å gjere.
Elles synest eg lista på <URL: http://www.nynorsk.org/anp/ymse.html > er grei. Tar ho med her:
A-infinitiv (opna, senda, vera) Berre, noko, mykje (ikkje bare, noe, mye) a- ending i sterkt og svakt hokjønn eintal (humla, tida) -er og -ene i hokjønn fleirtal (humlene, tidene, bygdene) -a i inkjekjønn fleirtal (vindauga, husa) «Me» som personleg pronomen, 1. pers. fleirtal subj. Unngå an-be-heit-else- ordi. Skriv verbalt.
Elles har eg ein kommentar til uttrykket 'Could not'. Eg ser at dette dei fleste plassar (iallfall i KDE og Mozilla) er omsett til 'Kunne ikkje' (eller 'Kan ikkje'), f.eks. 'Could not conect to server' --> 'Kunne ikkje kopla til tenar'. Er det ikkje betre å bruka 'Klarte ikkje', eks. 'Klarte ikkje å kopla til tenar'? Eg synest det høyrest meir naturlig ut.
Eg synest "klarte ikkje" er meir naturleg på norsk.
Jon Grepstad