Kva skal me kalla «likes» på norsk? Alle veit vel kva det er snakk, men viss ikkje:
https://en.wikipedia.org/wiki/Like_button
Det er veldig vanleg å kalla dette «likes» (altså uttalen «laiks») også på norsk, men eg synest me bør bruka eit norsk ord i omsetjingane våre. Eg føreslår «likarklikk» («likerklikk» på bokmål). Det er ganske nært det engelske originalordet, følgjer norsk skrivemønster og er lett å forstå. Det står òg i ordboka NAOB: https://naob.no/ordbok/likerklikk
Ein kunne sjølvsagt brukt «anbefalingar», «tilrådingar», «opp-stemmer» (eller berre «stemmer»), «anerkjenningar» eller (på bokmål) «bifall». Men det ligg ei litt anna vurdering i fleire av desse (ein *anbefaler* ikkje nødvendigvis det ein legg inn eit likarklikk på), og dei er fjernare frå den engelske originalteksten.
For spesifikke tenester/program kan ein sjølvsagt bruka meir spesifikke ord, som «hjarter» eller «opp-tomlar».