Den 2023-10-10 17:21, skrev Karl Ove Hufthammer: (...)
Spørsmålet er *kva* som skal bli med vidare. Fellesordlista er grei; ho vert med, med full historikk (cirka 20 år bakover – omfattar blant anna flyttingar og endring av filformat). Og til slutt skal ho gjerast om til eit praktisk, maskinlesbart format (eks. JSON eller CSV).
Men det ligg òg mykje anna rart på https://i18n.skolelinux.no/. Mykje er utdaterte bruksrettleiingar til ymse programvare (som KBabel) og system (CVS, SVN, «locale»-miljøvariablar). Det treng me vel ikkje ha med?
Det er òg noko utdatert kontaktinfo samt rapportar frå omsetjarsamlingar (https://i18n.skolelinux.no/rapport/). Historisk interessant kanskje, men ikkje noko ein treng ta med?
Der støtter jeg Thomas i at det kan ligge et annet sted, og/eller merkes som av historisk interesse :-)
Men for fellesordlista ligg det nokre hjelpeordlister:
Bildeordbok: https://i18n.skolelinux.no/nb/bildeordbok/bildeordbok.html Menynamn-notat: https://i18n.skolelinux.no/nb/Context-sprettopp.html Snarvegnamn-notat: https://i18n.skolelinux.no/nb/Hurtig-snarveistast.html Fargenamn: https://i18n.skolelinux.no/nb/NorskeFargenavn.html
Bør desse takast med på ein eller annan måte?
Ja, det synes jeg :-) Jeg husker vi brukte en del tid på å lage dem, og meningen er på en grafisk måte å forenkle forklaringen og forståelsen av noen sentrale ord :-) Lista over fargenavn finnes, meg bekjent, ikke tilgjengelig noe annet sted. Og jeg brukte laaang tid på å søke opp standard fargenavn i ulike brosjyrer for maling o.a.
Det finst òg ein språkmal for OpenOffice.org på nynorsk: https://i18n.skolelinux.no/nn/sprakval.txt Men den kan nok utgå. Språket i OpenOffice.org (no i praksis LibreOffice) bør jo vera likt som i andre program.
Og så finst det ordliste for namn på land og språk: https://i18n.skolelinux.no/kodar/land.html https://i18n.skolelinux.no/kodar/sprak.html
Disse også brukte vi lang tid på. Jeg håper de kan oppdateres og brukes videre. Vi tilpasset dem det vi hadde bruk for i oversettelsen, og var da uavhengig av andre kilder.
Denne informasjonen bør kanskje heller vedlikehaldast i dei offisielle omsetjingsfilene for ISO-kodar (https://salsa.debian.org/iso-codes-team/iso-codes)? Eller? (Me vil mista informasjon om alternative stavemåtar for språka og landa.)
Synspunkt på noko av dette?
Se over :-)
Vennlig hilsen Axel