Kjetil Torgrim Homme wrote:
On Wed, 2007-11-14 at 22:29 +0100, Gaute Hvoslef Kvalnes wrote:
Den 14.11.07 skrev Kjetil Torgrim Homme kjetilho@ifi.uio.no følgende:
vi burde forresten hatt "docking station" i Fellesordlista, berre for at det ikkje skal vere tvil om at dei "dock"-relaterte orda ikkje kan overførast til denne samanhengen. mitt framlegg er "ladestasjon". "docking cradle" er berre ein liten "docking station", eg trur ikkje vi treng å skilje dei frå kvarandre.
Min gamle PDA (Handspring Visor) har ein sånnein dings, men han kan ikkje brukast til å lada batteriet med. Det er vel heller aldri det einaste føremålet med ein «docking station»?
det er sant, det var ikkje før Palm IIIc (fargeskjerm) eller Palm V at dei byrja med oppladbare batteri (til info for andre på lista, Handspring lisensierte PalmOS frå Palm Inc, så det er i praksis same greia). fram til då varte 2 AAA-batteri i ein månad uansett...
hmmm. har du noko framlegg?
for ein bærbar PC er poenget med dokkingstasjonen å gjere det enkelt å kople han opp på ein meir permanent arbeidsplass -- ei enkel kopling i staden for fire: eksternt tastatur, mus, skjerm, og straum. men i motsetjing til ein båt som ligg i dokk, treng ikkje ein PC i dokk å vere uverksam. "skrivebordstasjon"? "skrivebordstilkopling"?
"dokkingstasjon" er ikkje det verste ordet å ta inn i norsk, då, vi kan leve med dét òg.
Jeg legger nå inn dokkingstasjon, i mangle av noe bedre. Om noen har bedre forslag, så kom med det :-)
Hilsen Axel